Hardingfele
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei hardingfele, stundom òg kalla hardangerfele, er eit strykeinstrument som liknar mykje på fiolinen, men som skil seg ut frå vanlege fiolinar ved at ho har 4—5 understrenger — resonansstrenger som ligg under dei vanlege strengene og som kling med når dei vanlege strengene blir spela på. Hardingfela blir mykje bruka i norsk folkemusikk — særleg kring Hardanger og Telemark, men i nyare tid òg nordetter til Valdres, søretter til Setesdalen og mykjegodt på Vestlandet nord til Sunnmøre. I resten av Noreg var hardingfela mykje i bruk tidleg på 1900-talet, men gjekk tilbake til fordel for den vanlege europeiske fiolinen att.
Denne folkemusikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over folkemusikkspirer. |