André-Marie Ampère
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
André-Marie Ampère (20. januar 1775 - 10. juni 1836), var ein fransk fysikar som er kjend for å vere ein av oppdagarane av elektromagnetismen. Måleininga for elektrisk straum, ampere, er oppkalla etter han.
[endre] Livssoge
Ampère var frå ein landsby nær Lyon, og viste stor interesse for naturvitskapen frå byrjinga. Mellom anna skal han ha løyst reknestykke ved hjelp av småstein og brødsmular før han hadde lært tala. Han blei etter kvart lærar i matematikk ved den vidaregåande skulen, lycéet, i Lyon.
Ei lita avhandling om hasardspel som viste at sjansen for ein spelar til å vinna er svært liten gjorde at den leiande matematikaren Jean-Baptiste Joseph Delambre fekk augene opp for han. Delambre skaffa han først lærarjobben og seinare ei underordna stilling ved den prestisjetunge polytekniske høgskolen i Paris. I 1809 blei Ampère professor ved denne skolen, og i 1814 medlem av Instituttet.
[endre] Oppdagingar
11. september 1820 fekk han høyra om Hans Christian Ørsted si oppdaging av at voltaisk (elektrisk) straum verka inn på ei magnetisk nål. Sju dagar seinare la han fram ei avhandling for Akademiet som skildra både dette og liknande fenomen. Deretter tok han fatt på det store arbeidet med å undersøka og leggja fram teoriar for dette store, nye feltet innan vitskapen.
Ampère døydde i Marseille og er gravlagd i Cimetière de Montmartre i Paris. Lycée Ampère i Lyon er kalla opp etter han.