Arthur Omre
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arthur Omre (fødd 1887 i Brunlanes i Larvik, død 1967) var ein forfattar som først og fremst skreiv såkalla hardkokte romanar.
Arthur Omre heitte eigentleg Ole Arthur Antonisen, og drog til sjøs då han var femten år gamal. Omre gjekk på teknisk skule og arbeida som konstruktør i USA, etterpå jobba han som ingeniør i Oslo. Ole Arthur debuterte som forfattar i 1935 med romanen Smuglere, då under pseudonymet Arthur Omre.
Omre var ein litterær nyskapar som innførde den såkalla 'hardkokte' stilen i Noreg. Samtida samanlikna han med Ernest Hemingway og James Cain. Hovudpersonane til Omre var menneskje med eit vanskeleg liv som tøffe utfordringar. Omre hadde sjølv vore i fengsel, og det var vel kjennskapen til dei ulike miljøa som han skreiv om, som gjorde han til ein så unik forfattar.
Omre er gravlagd ved Vestkirken i Porsgrunn.
Eg er berre ei spire med tankar få eg veks berre til om du fyller på |
![]() |
Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide denne spira.. |
Oversyn over litteraturspirer. |