Astrologi
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Astrologi er eit læresystem som hevdar at det finst samband mellom plasseringar mellom solsystemets planetar, sola og månen og hendingar i menneskas liv. Ordet «astrologi» kjem frå gresk αστρολογία, frå άστρον, astron, ("stjerne") og λόγος (logos), «lære, systematisk tanke eller tale».
Innhaldsliste |
[endre] Astrologiens historie
Astrologien kjenner vi allereie frå Babylon. Fram til mellomalderen var det same disiplin som astronomien. Stort sett alle mytologiar har sett på stjernehimmelen, og brukt kunnskap om sol, måne og dei nære planetane som grunnlag for mytologiske verdsbilete.
[endre] Astrologiens tankegang
Den grunnleggjande tanken bakom astrologien er vanlegvis nokre av desse:
- Lagnaden/Gud har bestemt liva våre og skrive om det i stjernene, i form av avstand, vinklar og liknande.
- Våra liv og våre karakterdrag blir påverka av korleis himmellekamane er plassert i viktige tidspunkt i liva våre
- Mennesket er eit spegelbilete av universet - makrokosmos. Det som finst i det eine må også finnast i det andre.
Astrologi spela ein sentral rolle innom magi og alkemi under antikken og langt inn i moderne tid.
[endre] Astrologisk uträkning
Astrologien går ut på at ein ser dels kva stjerneteikn dei ni planetane Månen, Merkur, Venus, Mars, Jupiter, Saturn, Uranus, Neptun, Pluto, og Ascendenten og Medium coeli ligg i ved fødselsaugneblinken, og kva tilhøvet planetane stod til kvarandre. Horoskopet er inndelt i dei tolv teikna og kvart teikn er 30 gradar. Man reknar også ut vinklar mellom de ni planetanq samt Ascendenten og Medium coeli slik som stjernehimmelen såg ut. Ein deler også inn horoskopet i 12 delar som vert kalla husa i zodiaken.
[endre] Kritikk
I moderne tid har vitskapen betrakta astrologien som ein rein pseudovitskap.