Bård Vegar Solhjell
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bård Vegar Solhjell (fødd 22. desember 1971 i Kristiansand) er ein norsk politikar og statssekretær ved Statsministerens kontor i regjeringa Stoltenberg II.
Solhjell er oppvaksen i Naustdal i Sogn og Fjordane, og utdanna statsvitar frå Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo med fagkretsen sosiologi, samanliknande politikk og idéhistorie.
Solhjell var nestleiar i Sosialistisk Ungdom frå 1992-1994, og har vore sentralstyremedlem i Sosialistisk Venstreparti sidan 1999. Mellom 2001-2005 var han partisekretær i SV. Mellom 2002-2005 var han medlem av Kringkastingsrådet. Frå 1992-1993 var Solhjell rådsmedlem i organisasjonen Nei til EU.
Bård Vegar Solhjell er ein av kandidatane til å verte ny nestleiar i SV, og han konkurrérer i hovudsak mot Ingrid Fiskaa. Solhjell skal vere ynskt som nestleiar i partiet av mellom andre partileiar Kristin Halvorsen.