Banan
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Banan er ei avlang frukt som opphavleg kjem frå Søraustasia. Banantreet er ein gamal kulturplante, og vert i dag dyrka i det tropiske beltet langs ekvator både i Amerika, Asia og Afrika. Det finst ulike typar bananplantar som alle tilhøyrer familien Musa.
Botanisk er bananen eit bær, men i Noreg vert ho sett på og brukt som frukt. Etter jødisk halakhá (religiøs lov) blir bananen rekna som grønsak av di bananpalmen berre set frukt éin gong.
Innhaldsliste |
[endre] Næringsinnhald
Det finst mange hundre sortar banan, men dei kan delast inn i to grunnsortar: vanleg fruktbanan og kokebanan. Bananar inneheld fiber, A-, B-, C- og E-vitamin og minerala fosfor, kalium, jern og sink, og store delar karbohydrat, men heile 74% er vatn. I ein umogen banan er størsteparten av karbohydrata stivelse, men etter kvart som han mognar, blir dei omdanna til sukker slik at stive til slutt berre utgjer 1-2% av frukta.
[endre] Banansortar
Plantane Musa acuminata og hybriden Musa x paradisiaca er dei som gjev bananer som blir eksportert frå dyrkingsområda til mellom anna Noreg.
Den fruktbananen som vert seld i mest alle fruktdiskar i Noreg, er Cavendish-banan. Han er stor og gul og inneheld om lag 110 kcal. Den viktigste grunnen til at han er den mest populære importbananen, er at han er svært motstandsdyktig mot sjukdomar. Dette er ein mutert banan som ikkje har frø — han kan berre formera seg ved rotskot.
Kokebanan vert òg kalla for mjølbanan. Han kjem frå Sør-Amerika, Afrika og India og er nærast som basisføde å rekna i desse områda. Det einaste som kan minna om ein vanleg banan er namnet og fasongen.
Minibanan vert òg kalla eplebanan og er mykje mindre enn vanlege bananar — vanlegvis ca 7-10 cm lang, men like tjukk som ein vanleg banan.
Raud banan er ein relativt ny sort fruktbanan. Han er noko mindre enn vanleg banan. Denne mognast også naturleg under distribusjon. Skalet er litt tunnare enn på vanleg banan, raud-grønt før bananen vert heilt mogen, og går over til brun-raudt etter kvart som han vert mogen.
[endre] Bruk av banan
I Noreg et ein som regel banan enkelt som ei frukt, oppskoren i skiver i dessertar, frukostblandingar eller som pålegg, men utan å behandla henne meir. I land der ein dyrker banan er bruken vidare. Ein lagar mellom anna bananchips og bruker kokebananen i fleire matrettar. Frukta kan også mosast for å laga syltetøy eller blandast i milkshake eller jus frå andre frukter.
Ein kan også bruka bananblomen i matlaging. I Søraustasia blir han brukt både rå og kokt i supper og karrirettar. Den mjuke kjernen inni bananstammen blir òg brukt, særleg i burmesisk matlaging. Av mjølbanan vert det dessutan sjølvsagt laga mjøl.
Desserten banana split, der ein banan vert delt på langs og servert med is, vart oppfunnen i 1904 av Dr. David Strickler, ein apotekar i Latrobe i Pennsylvania i Sambandsstatane.
Det finst òg bananketchup, syltebanan, bananeddik, bananvin og ymse andre banandrykker.
[endre] Historie
Bananen vart bringa til Midt-Austen og Afrika på 600-talet av arabiske handelsmenn. Dette var mindre banansortar enn dei vi kjenner i dag, og det arabiske ordet for finger, banan, er kanhende opphavet til namnet på frukta.
Bananhandel har spelt ei enorm rolle i økonomien i Mellom-Amerika, der mange i offentleg administrasjon har skodd seg på lukrative avtalar med store, utanlandske fruktimportørar. Dette medførte mykje korrupsjon, og bananselskapa fekk langt på veg kontroll over styresmaktene i fleire av desse landa. Difor vert dei somme tider kalla bananrepublikkar, eit ord som vart brukt første gong av den amerikanske forfattaren O. Henry i 1910.