Static Wikipedia February 2008 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu

Web Analytics
Cookie Policy Terms and Conditions Tåke - Wikipedia

Tåke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kveldståke om hausten. (Foto: Kjetil Lenes)
Kveldståke om hausten. (Foto: Kjetil Lenes)

Tåke eller skodde er ei sky som er i kontakt med bakken. Den einaste skilnaden mellom skyer og tåker er at tåka er i kontakt med jordoverflata. Ei sky som ikkje er tåke i lavland, kan være tåke i høgare nivå visst skya er i kontakt med fjell. For å kallast tåke må sikten vera under 1000m.

Den staden med mest tåke i verda er Grand Banks utanfor øya Newfoundland, Canada. Det oppstår ofte tåke her fordi den kalde havstraumen Labradorstraumen frå nord her møter den mykje varmare Golfstraumen frå sør.

Her i Norge er Norskehavet, Ishavet og kysten ned til Jæren mest utsatt for tåke om sommaren, medan Sørlandskysten er mest utsatt om våren (pga av kaldt smeltevatn frå Østersjøen). Innlandet og enkelte kyststrøk med mykje strålingståke (sjå nedanfor), som t.d. Oslo eller Kirkenes.

Innhaldsliste

[endre] Kjenneteikn

Dei fleste typar tåke oppstår når relativ fukt når 100 % på bakkenivå. Tåke kan dannast brått, og løysast opp like brått, avhengig av på kva side av doggpunktet temperaturen er.

Tåke reduserar sikta - Dei to bileta viser skilnaden mellom ein klår dag og ein dag med tåke
Tåke reduserar sikta - Dei to bileta viser skilnaden mellom ein klår dag og ein dag med tåke

Eit viktig unntak til denne generelle regelen er havtåke. Dette kjem av effekten salt har på tåke. Alle skyer krev eit minimum av hygroskopiske partiklar som vassdamp kan kondensere på. Over havoverflata er dei vanlegaste partiklane salt som kjem av brytande bølgjer. Utanom i områder med mykje kraftig vind, er kysten det vanlegaste området med brytande bølgjer, og derfor har kystområda stor tettleik av saltpartiklar i lufta. Det har vore observert kondensasjon på saltpartiklar ved så lav fukt som 70 %, så tåke kan oppstå sjølv i relativt tørr luft. Vanlegvis fører slik tåke i luft med lavare fukt til ein gjennomsiktig dis, fordi kondensasjonen konkurrerar med fordampinga.

Tåke kan produsere nedbør i form av yr. Yr oppstår når fukta i tåka når 100 %, og dei ørsmå skydropane koaliserer til større dropar. Dette kan skje når tåka blir løfta og tilstrekkeleg avkjølt, eller visst den blir pressa saman ovanfrå. Yr kan bli underkjølt visst temperaturen fell under frysepunktet. I såfall kan tåka fryse direkte til is om den kjem i kontakt med ei flate. Dette er kjend som frosttåke.

Tåka reduserer sikt. Dei fleste sjøfartøy kan utan problem køyre i tåke visst dei har radar, men for vegtrafikk er det verre, og kjøretøya må køyre saktare. Lokal tåke kan være farlig, sidan den kan overraske sjåførar. Flyplassar kan få store problem med forseinkingar ved tåke, og ein har prøvd å utvikle metodar for å løyse opp tåke (t.d. oppvarming eller å drysse saltpartiklar ned i tåka). Metodane virkar til ein viss grad med frosttåke. Då vil iskrystallane i tåka fryse på saltpartiklane og falle ned som snø.

[endre] Forskjellige typar tåke

Tåke kan oppstå på fleire forskjellige måtar, alt etter korleis avkjølinga fører til kondensasjon.

[endre] Strålingståke

Strålingståke oppstår når jordoverflata blir avkjølt ved langbølgja (infraraud) utstråling etter solnedgong i stille vêr med klar himmel. Den kalde overflata fører til kondensasjon i luftlaget like over bakken ved varmekonduksjon. Ved vindstille forhold kan tåkelaget vere mindre enn ein meter tjukt, men turbulens kan gjere laget tjukkare. Strålingståke er vanleg om hausten, og varer vanlegvis ikkje lenge etter soloppgong. Her til lands oppstår tåka typisk i indre strøk om hausten.

Strålingståke nær Wolfenschiessen, Sveits.
Strålingståke nær Wolfenschiessen, Sveits.
Adveksjonståke ved Golden Gate-brua in San Francisco bukta.
Adveksjonståke ved Golden Gate-brua in San Francisco bukta.

[endre] Adveksjonståke

Adveksjonståke oppstår når fuktig luft strøymer over ei kald overflate ved adveksjon (vind) og blir nedkjølt. Det er vanleg når ein varmfront passerer over eit område dekka av snø, når varm luft strøymer over kaldt hav på høgare breiddegrader, eller over havområder med oppvelling. Dette er eit fenomen vi kjenner her til lands. Seint på våren eller tidlig på sommaren medan havet framleis er kaldt, fører ofte milde sørlige luftstraumar til tåke i Nordsjøen og Skagerrak, eller om sommaren i Barentshavet og Aust-Finnmark ved nordleg og austleg vind. Adveksjonståka kan så flytte seg inn mot kysten på fleire måtar. Ein kaldfront kan presse det marine luftlaget mot kysten, noko som vanlegvis skjer om våren eller seint på hausten. På varme dagar med tåke i havet kan solgangsbrisen føre til at tåke om ettermiddagen og kvelden bles inn over land.

[endre] Fordampingståke

Fordampingståke er den mest lokale forma for tåke og oppstår når kald luft strøymer over eit mykje varmare vatn eller fuktig overflate. Vassdamp fordampar raskt inn i atmosfæren, og kondenserar visst temperaturen er under doggpunktet. Det blir då danna ei tynn tåke. Fordampingståke er mest vanleg i polare strøk og rundt store innsjøar seint på hausten og tidleg om vinteren medan innsjøane og havet framleis er varmt. Tåka blir ofte til frosttåke som då medfører rim.

[endre] Fronttåke

Nedbørståke (eller fronttåke) oppstår når nedbør fell inn i eit tørrare luftlag under skya, og vassdropane fordampar til vassdamp. Vassdampen blir avkjølt til under doggpunktet og kondensarar til tåke.

[endre] Orografisk tåke

Orografisk tåke ved Mt. Lushan i Jiangxi provinsen in Kina.
Orografisk tåke ved Mt. Lushan i Jiangxi provinsen in Kina.

Orografisk tåke blir danna når luft bles opp ein skråning (kalla orografisk heving) og blir adiabatisk avkjølt medan den stig. Dette får lufta til å kondensere. På fjelltoppar der skyene ikkje er lave nok til å lage tåke, fører denne stigninga ofte likevel til frosttåke.

[endre] Daltåke

Daltåke oppstår i fjelldalar, ofte om vinteren. Den kjem som eit resultat av at tung, kald luft synk ned i dalbotn og dannar ein temperaturinversjon der varmare luft passerer over fjella ovanfor. Dette er altså eigentleg strålingståke som er styrt av lokal topografi. I rolege vêrsituasjonar kan den vare i fleire dagar.

Daltåke oppstår i dalar, ofte om vinteren.
Daltåke oppstår i dalar, ofte om vinteren.

[endre] Iståke

Iståke' er ei form for tåke der dropane har frose til ekstremt små iskrystallar. Vanlegvis må ein ha temperaturer under -35°C for at dette skal skje, og tåka er derfor mest vanleg i arktiske og antarktiske strøk, og då gjerne i urbane områder. Vassdamp som finns i eksos frå kjøretøy eller røyk frå oppvarming og kraftstasjonar frys til is, og denne urbane iståka kan bli svært tett og vedvare dag og natt til temperaturen stig. Iståke kan føre til eit spesielt halofenomen, som ein kallar lyssøyler.

[endre] Frosttåke

Frosttåke oppstår når vassdropar frys på overflatar og dannar kvit rimis. Dette er vanleg på fjelltoppar som er eksponert for lave skyer. Dette er same prinsipp som underkjølt regn.

[endre] Kunstig tåke

Kunstig tåke blir danna ved å fordampe vatn og glykol- eller glyserol-baserte væsker. Væska blir sprøyta inn i ein oppvarma boks, og fordampar raskt. Trykket som oppstår presser dampen ut ein opning. Når dampen kjem i kontakt med den kjølegare lufta utafor, fordampar den til tåke - sjå røykmaskin.

[endre] Sjå óg

Wikimedia Commons har ei samling filer som gjeld: Tåke

[endre] Lenkjer ut

Static Wikipedia 2008 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -

Static Wikipedia 2007 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -

Static Wikipedia 2006 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu