Deoksyribonukleinsyre
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Deoksyribonukleinsyre (DNA) er eit makromolekyl og ein polymer. Arvestoffet i organismar er danna av DNA.
[endre] Struktur
Molekylet er bygd opp av to lange kjeder som dannar ein dobbeltspiral. Desse består av grupper danna av sukkeret deoksyribose, ei fosfatgruppe og ein aromatisk nitrogenbase. Sukkeret i ei gruppe er bunde til fosfatgruppa i den neste.
Nitrogenbasane er kovalent bunde til sukkeret. Basepara vert danna ved hydrogenbindingar mellom to basar, og består av adenin (A) og tymin (T) eller cytosin (C) og guanin (G). Basane i paret kjem frå kvar si kjede.
Det finst fleire variantar av DNA.
[endre] Sjå òg
- Gen
- RNA eller ribonukleinsyre
![]() |
Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over biologispirer. |