Boknafjorden
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Boknafjorden er ein brei fjord som skjer Rogaland fylke halvvegs i to. I nord er han avgrensa av øyane Karmøy og Bokn og fastlandet, på sørsida ligg mellom anna Kvitsøy, Rennesøy, Tysvær og Finnøy. Boknafjorden deler seg sidan i fleire mindre fjordar, som Sandsfjorden og Jelsafjorden.
Sjølve Boknafjorden er danna ved at berggrunnen har sokke ned, og er mest for ein havarm å rekne, ulikt det typiske for vestlandske fjordar som er at isbrear har grave seg ned i og utvida allereide danna sprekker i fjellgrunnen. Dette gjer Boknafjorden ulik andre fjordar på Vestlandet, og han er open og vid med mange øyar. Lenger inne får han sidearmar som er smale og langstrekte.
I det store prosjektet om å få Rogaland ferjefritt, med hjelp av bruer over og tunnelar under vatnet, er tunnel under Boknafjorden ein viktig sak. Arbeidet med den planlagde tunnelen, som blir kalla Rogfast, skal venteleg ta til i 2007.
[endre] Side- og delfjordar
fra kysten mot innlandet
- Innløp
- Karmsundet
- Skudenesfjorden
- Kvitsøyfjorden
- Hillefjorden
- Idsefjorden
- Høgsfjorden
- Byfjorden i Stavanger
- Fognafjorden
- Gandsfjorden
- Riskafjorden
- Hillefjorden
- Boknafjorden
- Mastrafjorden
- ...
- Boknasundet
- Talgjefjorden
- ...
- Hervikfjorden
- Skjoldafjorden
- Grindefjorden
- Skjoldafjorden
- Mastrafjorden
- Nedstrandfjorden
- Forasundet
- Gapafjorden
- Vindafjorden
- Krossfjorden
- Yrkjefjorden
- Vatsfjorden
- Sandeidfjorden
- Yrkjefjorden
- Krossfjorden
- Sandsfjorden
- Lovrafjorden
- Hylsfjorden
- Saudafjorden
- Jelsafjorden
- Erfjorden
- ...
- ...