Finnøy
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 1141 |
Fylke: | Rogaland |
Administrasjonssenter: | Judaberg |
Flatevidd: | 106 km² |
Folketal: | 2 729 (2006) |
Målform: | Nynorsk |
Internettside: | www.finnoy.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Jorunn Strand Vestbø (Sp) 2003-2007 |
Finnøy er ein øykommune i Rogaland fylke. Dei aller fleste innbyggjarane bur på 15 av øyane. Området ligg inst i Boknafjorden, 13 nautiske mil nord for Stavanger. Judaberg er ein tettstad på Finnøy med kommunesenter. Om lag halvparten av folkesetnaden bur på sjølve Finnøy, etter Finnøy har Sjernarøyane størst folketal. Kommunen har grenser mot Hjelmeland på Ombo og grenser mot Hjelmeland, Tysvær, Suldal, Strand, Rennesøy og Bokn over sjø.
Innhaldsliste |
[endre] Kommunikasjonar
Kommunikasjonen føregår for det meste med ferjer og hurtigbåtar, ettersom kommunen ikkje har vegsamband med fastlandet. For tida går det føre seg arbeid på ein undersjøisk tunnel mellom Finnøya og Rennesøya med ein sidetunnel til Talgje.
[endre] Fortid
Ein har funne mange minner frå tidlegare tider i kommunen. Det eldste funnet er bein frå ein isbjørn som er rundt 10 600 år gammalt. Den eldste buplassen, på Bjergøy i Sjernarøyane, er 5-6000 år gammal.
Av dei ni mellomalderkyrkjene i Rogaland har Finnøy to. Talgje kyrkje frå rundt 1140 på Talgje og Hesby kyrkje frå rundt 1200 ligg på Finnøya. Sjernarøy kyrkje på Kyrkjøy er ei renessansekyrkje frå 1637.
Huset til utvandrarpioneren Cleng Peerson står på Kindingstad ved Ladstein på Finnøy.
[endre] Næringsliv
Hovudnæringane i Finnøy er jordbruk, havbruk og turisme. Nesten 50 % av dei sysselsette arbeider innanfor jordbruket. Tomatdyrking har ein særskild plass i økonomien, kvar tredje norske tomat kjem frå øya Fogn. Eggproduksjon er òg viktig med 155 000 verpehøns i kommunen i 2003.
[endre] Kjende finnøybuar
- Ogmund Finnsson frå Hesby, som var drottsete og styrde Noreg for danskekongen i to periodar på 1300-tallet, har minnesmerke ved Hesby kyrkje.
- Asgaut Regelstad var med i Eidsvollsforsamlinga i 1814, og er òg minna ved Hesby kyrkje
- Niels Henrik Abel (1802-1829) vart fødd på Finnøy prestegard, og vart sidan ein framifrå matematikar (minnesmerke ved prestegarden)
- Alfred Hauge frå Kyrkjøy var ein velkjend etterkrigsforfattar, og er minna ved Sjernarøy kyrkje
- Kolbjørn Hauge, forfattar
- Nils N. Finnøy, båtmotorprodusent
[endre] Bakgrunnsstoff
|