Den spesielle relativitetsteorien
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
I fysikken nyttar ein den spesielle relativitetsteorien for å skildra korleis naturen oppfører seg når objekt forflyttar seg med ekstrem hastigheit i høve til kvarandre.
Den spesielle relativitetsteorien vart resultatet av eit prosjekt i fysikken på slutten av 1800-talet, som gjekk ut på å sameina Maxwells elektromagnetisme og Newtons mekanikk. I denne prosessen støytte fysikarane på ei mengd teoretiske problem. I 1905 publiserte Albert Einstein ei løysing som skulle få omfattande ringvirkningar:
- Albert Einstein, "Zur Elektrodynamik bewegter Körper", Annalen der Physik, Vol. 17, 1905, s. 891.
[endre] Einstein sine postulat
Ifølgje Einstein byggjer teorien på to postulat:
- Relativitetsprinsippet, som seier at dei same naturlovene gjeld i alle tråleikssystem, første gong formulert av Galileo Galilei.
- Prinsippet om den konstante lysfarten, som inneber at lysfarten i vakuum er nøyaktig den same for alle observatørar, uavhengig av deira eigen fart.
I artikkelen synte Einstein at dersom ein tek utgangspunkt i desse to prinsippa, er det mogleg å fletta elektromagnetismen saman med resten av fysikken utan å støyta på sjølvmotseiingar.
[endre] Ein vitskapeleg revolusjon
Dersom den spesielle relativitetsteorien skulle verta akseptert, måtte ein forkasta mange vedtekne sanningar frå det nittande århundret. Blant det ein måtte gje slepp på, var førestellingane om absolutt tid og rom og den universelle gildskapen til Newtons mekanikk. Mysteriet med eteren vart òg løyst, for den spesielle relativitetsteorien gjorde det uturvande med noko medium for utbreiing av lysbølgjer, og dermed trengdest ingen eter.
Somme konsekvensar av den spesielle relativitetsteorien står i sterk kontrast til vår intuitive oppfatning av naturen, til dømes tidsdilatasjon (tvillingparadokset) og lengdekontraksjon. Teorien gav òg ein enkel samanhang mellom masse og energi: E = mc2).
I dag er den spesielle relativitetsteorien stadfesta eksperimentelt, mellom anna i partikkelakseleratorar.