Det kvite huset i Washington, D.C.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det kvite huset (engelsk språk: White House) er presidenten i USA sin embetsbustad, og viktigaste arbeidsstad. Namnet vert nokre gonger nytta om presidenten sitt kanselli (administrasjon). Det kvite huset ligg i nordvest i Washington D.C., på gateadressa 1600 Pennsylvania Avenue. Bygging av huset vart vedteke i 1790 og president George Washington og byplanleggjaren Pierre L'Enfant valde byggjestaden saman. Arkitekten vart vald i ein konkurranse med James Hoban som vinnar, og grunnsteinen vart lagd den 13. oktober 1792. James Hoban si formgjeving av huset tok utgangspunkt i Leinster House, eit slott i Dublin. Slottet er seinare vorte hovudsete for parlamentet i den irske republikken. Namnet det kvite huset vart først nytta av president Theodore Roosevelt i 1901.
Første gong ein president budde i huset var i 1800. I 1814 brann huset så berre ytterveggane stod att, men huset vart atterreist og veggane vart måla kvite for å dekkja over merka etter brannen.
Ein stor del av bygningsverket «Det kvite huset» er i dag bygd ut i kjellar-etasjar.
[endre] Lenkjer ut
- WhiteHouse.gov, offisiell nettstad
- White House Photo Collections Fotografisamling
![]() |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |