Direktoratet for naturforvalting
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Direktoratet for naturforvalting (DN) har ansvaret for forvalting av natur i Noreg. Kontoret er lokalisert i Trondheim med om lag 190 tilsette.
DN er ein av seks etatar under Miljøverndepartementet.
Å forvalte naturen vil seie å arbeide for å ta vare på mangfaldet i naturen også for kommande generasjonar, å verne om dyr og plantar, å styrkje allmennretten og å etterkomme internasjonale pliktar.