Dompap
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dompapen (Pyrrhula pyrrhula) er ein fugl i finkefamilien. Han er om lag 16 cm lang, og veg rundt 21 gram.
Dompapen er lett å kjenna att når ein fyrst får auge på han. Hannen har eit raudt bryst, ei svart hette på hovudet og ein blågrå rygg. Hoa liknar hannen, men har eit gråbrunt bryst. Vengene har gråkvite band hjå båe kjønna. Nebbet er stutt og kraftig med skarpe kantar slik at han kan ta av skalet av frø og knoppar.
Dompapen liker seg best i nåle- og blandingsskog, men òg i parkar og hagar. Dei byggjer reira sine i buskar og tre der hoa legg ein 4–7 egg.
Arten dannar ingen store flokkar utafor hekketida og er oftast sett som eit par eller ei familiegruppe.