DuckTales
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
DuckTales, kalla Ole, Dole og Doffen på eventyr på norsk, er ein amerikansk teiknefilmserie som vart produsert av The Walt Disney Company frå 1987 til 1990. Hovudpersonane er Skrue McDuck og Ole, Dole og Doffen. Serien er ein av Disney sine mest framgongsrike fjernsynsseriar og inspirert av Carl Barks sine gamle seriar. I Noreg vert serien sendt på Disney Channel.