Dugi Otok
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dugi Otok | |
---|---|
Vestsida av Dugi Otok |
|
Geografi | |
Stad | Adriatarhavet |
Koordinatar | |
Administrasjon | |
Land | Kroatia |
Fylke | Zadar |
Dugi Otok (kroatisk for «Lang øy») er ei øy i Adriatarhavet utafor kysten av Kroatia. Ho ligg utafor Dalmatia, vest for Zadar.
Ho er den største og austlegaste av Dei zadariske øyane, og har fått namnet sitt frå den karakteristiske forma (ho er 45 km lang og 5 km brei). Det høgaste punktet strekk seg opp mot 300 meter, og mange av dei høgareliggande områda er dekka av strandfuru. Vestkysten er høg og kupert, og mange av landsbyane ligg tett i tett på austsida. Desse er mellom anna Sali, den største, og Božava, Dragove, Soline, Brbinj, Luka, Polje, Verona, Savar, Veli Rat, Zaglav og Žman. Ein naturpark, Telašćica dekkjer den sørlege delen av øya, og ligg ved sida av nasjonalparken Kornati. I landsbyen Veli Rat ligg det eit flott fyr.
Fiske er ein av hovudnæringane her, men før i tida vart det òg produsert salt. Den vakre øya med middelhavsklima og italiensk kultur får få turistar. Olivenolje, fiken, ost og vin i lag med sjømat utgjer ein stor del av dietten til dei fastbuande. Det ligg fleire romerske ruinar på øya.
|
|
---|---|
Istria: Brijuni | Crveni Otok | |
Kvarner: Cres | Dolin | Goli otok | Ilovik | Krk | Lošinj | Oruda | Prvić | Rab | Susak | Sveti Grgur | Sveti Petar | Trstenik | Unije | Vele Srakane | Veti Orjule | Zeca | |
Nord-Dalmatia: Dugi Otok | Gangarol | Ist | Iž | Jadra | Kakan | Kaprije | Kornaten | Kurba | Lavdara | Lavrnaka | Lavsa | Maun | Molat | Murter | Olib | Pag | Pašman | Planik | Premuda | Prvić | Riva | Sestrunj | Sliba | Škarda | Škrda | Tijat | Tramerka | Ugljan | Veli Arta | Veli Smokvica | Vir | Vrgada | Zlarin | Zmajan | Zverinac | Žirje | Žižanj | Žut | |
Sentral-Dalmatia: Biševo | Brač | Brusnik | Budihovac | Čiovo | Hvar | Mali Drvenik | Ravnik | Stipanska | Svetac | Sveti Klement | Šcedro | Veli Drvenik | Vis | |
Sør-Dalmatia: Badija | Crkvine | Daksa | Goleč | Jakljan | Koločep | Kopište | Korčula | Kosmec | Lastovo | Lokrum | Lopud | Mljet | Misjak | Olipa | Palagruža | Proizd | Ruda | Sveti Andrija | Šipan | Tajan | Vrnik |