Goli otok
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Goli otok | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Adriatarhavet |
Koordinatar | |
Administrasjon | |
Land | Kroatia |
Fylke | Primorje-Gorski Kotar |
Demografi | |
Folketal | Ingen |
Goli otok (som tyder «aude øy») er ei øy i Adriatarhavet utafor Primorje-Gorski Kotar kommune i Kroatia. Øya er gold og ikkje folkesett, bortsett frå litt vegetasjon på sørsida av øya, der ein òg finn fleire viker.
Under den første verdskrigen sende Austerrike-Ungarn russiske fangar frå austfronten til Goli Otok.
I 1949 vart heile øya offisielt omgjort til eit sikkert fengsel styrt av det sosialistiske Jugoslavia. Fram til 1956, gjennom Informbiro-perioden, vart øya brukt til å fengsle politiske fangar. Desse inkluderte kjende stalinistar, men òg andre frå kommunistpartiet eller til og med vanlege borgarar som vart tiltalt for å vise sympati med Sovjetunionen.
Fangane måtte gjere tungt arbeid i eit steinbrot, uansett vêr. Om sommaren er det 35-40 ºC i området, og om vinteren bles ofte den iskalde boravinden. Dei vart ofte utsette for vald og audmjuka.
Etter Josip Broz Tito sitt regime betra forholdet til Sovjetunionen vart fengselet eit provinsfengsel i Sosialistrepublikken Kroatia. Frå denne tida vart det brukt til å fengsle nasjonalistar, og seinare vanlege kriminelle.
Fengselet vart stengd i 1988, og sidan den gong er øya berre stundom vitja av turistar og sauegjetarar frå Rab.
[endre] Lenkjer ut
|
|
---|---|
Istria: Brijuni | Crveni Otok | |
Kvarner: Cres | Dolin | Goli otok | Ilovik | Krk | Lošinj | Oruda | Prvić | Rab | Susak | Sveti Grgur | Sveti Petar | Trstenik | Unije | Vele Srakane | Veti Orjule | Zeca | |
Nord-Dalmatia: Dugi Otok | Gangarol | Ist | Iž | Jadra | Kakan | Kaprije | Kornaten | Kurba | Lavdara | Lavrnaka | Lavsa | Maun | Molat | Murter | Olib | Pag | Pašman | Planik | Premuda | Prvić | Riva | Sestrunj | Sliba | Škarda | Škrda | Tijat | Tramerka | Ugljan | Veli Arta | Veli Smokvica | Vir | Vrgada | Zlarin | Zmajan | Zverinac | Žirje | Žižanj | Žut | |
Sentral-Dalmatia: Biševo | Brač | Brusnik | Budihovac | Čiovo | Hvar | Mali Drvenik | Ravnik | Stipanska | Svetac | Sveti Klement | Šcedro | Veli Drvenik | Vis | |
Sør-Dalmatia: Badija | Crkvine | Daksa | Goleč | Jakljan | Koločep | Kopište | Korčula | Kosmec | Lastovo | Lokrum | Lopud | Mljet | Misjak | Olipa | Palagruža | Proizd | Ruda | Sveti Andrija | Šipan | Tajan | Vrnik |