Static Wikipedia February 2008 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu

Web Analytics
Cookie Policy Terms and Conditions Fyr - Wikipedia

Fyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kihnu fyr i Rigabukta i Estland. Foto: Siim Sepp
Kihnu fyr i Rigabukta i Estland.
Foto: Siim Sepp

Eit fyr er eit sjømerke med lys til å rettleie navigasjonhavet. Fyra sender ut lys frå eit system av lamper og linser. Saman med andre innretningar som gjev synlege og elektroniske signal utgjer fyra eit system til å rettleie trafikken til havs og langs kysten. Det finst felles internasjonale merkesystem som dei maritime nasjonane følgjer.

I dag er totalt 107 anlegg definert som fyrstasjonar i Noreg. Ansvar for fyrlys og seglmerke i Noreg ligg hos Kystdirektoratet.

Innhaldsliste

[endre] Ulike fyr har forskjellige funksjonar

Det finst ulike typar fyr og mindre fyrlykter. Tidlegare var forskjellen på eit fyr og ei fyrlykt at fyra hadde bemanning, medan fyrlyktene var ubetente. Automatisering av fyr har gjort at skiljet mellom fyr og fyrlykter er mindre tydeleg enn tidlegare. Dei ulike typar av fyr har forskjellige funksjonar:

  • Kystfyra ligg ytst mot havet og er første landkjenning for skip som nærmar seg kysten. Dei har ofte høgare fyrtårn og er plasserte på holmar, øyar eller nes. Kystfyra har kraftig lys fordi dei skal vere godt synlege på lange distansar.
  • Innseglingsfyra leier skipstrafikken trygt inn mot land.
  • Leifyra er mindre fyr som viser leia i indre kystfarvatn, mellom holmar og skjer, og ved innsegling til tronge sund. Dei sender ut lyssignal med bestemte mellomrom og i bestemte retningar eller sektorar. Desse blir derfor også kalla for sektorfyr.
  • Hamnefyra hjelper skipa inn til hamn.
  • Fiskefyr blei brukte under sesongfisket frå ca 1850.
  • Fyrskip er fyrlykter som er plasserte på permanent oppankra fartøy der det er lite eigna å byggje faste fyr. Fyrskip har hatt lite utbreiing i Noreg.

[endre] Fyrhistorie

Fyrtårnet på Faros ved Alexandria på ein romersk mynt.
Fyrtårnet på Faros ved Alexandria på ein romersk mynt.

Fyr har blitt brukt som seglmerke heilt sidan oldtida. Dei tidlegaste fyra var bålfyr, og dei første vi kjenner til blei brukte av fønikarane. Sentrum i imperiet deira blei hamnebyen Karthago, som blei grunnlagd 814 fvt. Festningsverka her blei tidleg kompletterte med eit fyrtårn.

 Det romerske Herkulestårnet på spanskekysten. Foto: Daniel Csörföly
Det romerske Herkulestårnet på spanskekysten.
Foto: Daniel Csörföly

I ca. 600 fvt. fortel kjelda også om fyrlys ved innløpet av Dardanellane. Ved Aten sin hamneby Pireus har ein funne restar av det ein trur er to innseglingsfyr frå rundt 400 fvt. Kolossen på Rhodos, frå ca. 300 fvt., skal ha vore 34 m høgt og stått ved innfarten til hamna på Rhodos. Statuen skal ha halde ein fakkel i handa der bål skal ha blitt tente på om natta for å leie skipa inn i hamna.

Vi kjenner også til fyrtårnet på Faros utanfor Alexandria i den egyptiske oldtida, som blei bygd mellom 280 og 261 fvt. Det skal ha hatt ei høgd på mellom 135 og 170 m og fyrlykter i form av bål. Dette fyret (saman med bl.a. kolossen på Rhodos) blei rekna som eit av dei sju underverka i den antikke verda. Fyret var i bruk i rundt 1500 år og er skildra av den arabiske geografen Edrisi på 1200-talet. På 1300-talet blei fyrtårnet øydelagt av eit jordskjelv.

Namnet på øya fyret stod på, Faros, går igjen på ei rekkje språk med tydinga fyr: fransk phare, italiensk faro (betyr også lykt, som på ein bil), spansk faro, portugisisk farol og gresk φάρος (pharos). Ordet farologi, studiet av fyr, er også avleidd av namnet på øya. Det norske ordet fyr kjem likevel frå norrønt språk.

 Det romerske fyret ved Dover i England frå ca. 50 e.v.t. er eit av dei eldste fyra som framleis står.  Foto: Chris McKenna
Det romerske fyret ved Dover i England frå ca. 50 e.v.t. er eit av dei eldste fyra som framleis står.
Foto: Chris McKenna

Også i Romarriket blei det reist fyr, så langt nord som i England. Av fyr bygde av romarane kan ein nemne Cadiz, frå ca. 100 fvt. ved innløpet til Middelhavet, Gesoriacom, frå ca. 40 e.v.t. i Boulogne-sur-Mer ved den franske kanalkysten og Dubra (Dover) i England, frå ca. 50 e.v.t. Dette tårnet står i dag. Eit anna romersk fyr som framleis står, er Coruña eller Torre dei Hercules/Herkulestårnet nær Ferrol på nordvestkysten av Spania. Det er frå ca. 100 e.v.t.

Det eldste fyret vi kjenner til frå mellomalderen, er det italienske Meloria utanfor Livorno. Det blei reist i 1158. Deretter følgde Hook Point på sørsida av Irland frå ca 1172, Cap Peloro nordaust for Messina på Sicilia frå 1190. På 1200-talet skipa hanseatane fleire fyr, bl.a. Falsterbo i det som då var Danmark i 1222. Ingen av fyra hanseatane reiste låg i Noreg.

[endre] Dei eldste fyra i Noreg

Først i 1655 blei det første fyrlyset tent i Noreg. Kong Fredrik III (1609–1670) skreiv 18. juli 1655 ut ei formaning som gav Pouell Hansønn, borgar av Christiansand, privilegium til å etablere fyrdrift på Lindesnes. Drifta skulle finansierast ved å skattleggje alle skipsanløp i hamnene mellom Bergen og Bohuslen. Fyret blei bygd som eit tretårn med store talglys som brann bak blyglassruter, men det var i drift i berre eitt år. I 1725 blei Lindesnes fyr tent igjen, og i mellomtida var det etablert fyr på Færder, Kvitsøy og Høyvarde. Alle desse fyra var truleg bålfyr. Det nye fyret på Lindesnes var eit vippefyr, ein konstruksjon bygd på vektarmprinsippet. Ytst på den eine enden av ei stang hang ei kolgryte som kunne senkast til bakken når elden skulle tennast. Ein gjekk etterkvart bort frå vippefyrkonstruksjonen på grunn av brannfaren, og på fleire fyr sette ein i staden kolgryta rett på berget.

 Kjeungskjær fyr i Sør-Trøndelag er eit leifyr frå 1880. Foto: Gerd A.T. Müller
Kjeungskjær fyr i Sør-Trøndelag er eit leifyr frå 1880.
Foto: Gerd A.T. Müller

Somme reknar Færder fyr i Oslofjorden som det eldste fyret i Noreg. Det blei skipa i 1696 på øya Store Færder like nord for dagens fyr. Dette var eit privat fyr forma som ei open, smidd fyrgryte. Gryta stod også her rett på berget og fyrvaktaren etterfylte med kol og ved heile natta. På eit år blei det brent omkring 540 tønner med kol. I 1799 overtok det offentlege ansvaret for fyrdrifta, og eit tårn med stor lykt stod ferdig i 1802.

I 1841 fekk Noreg sitt eige fyrvesen (Noreg var då i union med Sverige), og det blei skilt ut som eit eige direktorat: Fyrdirektoratet. I tiåra som følgde blei det gjennomført svære byggjeprosjekt over heile landet. Fram til 1880 blei det bygd over 100 fyrstasjonar i Noreg. Fyretableringa i Nord-Noreg kom seint i gang, men utbygginga blei etter kvart pressa fram av fiskeria, hurtigruta (kom i gang i 1893) og malmtransporten (starta i 1903). Anda fyr i Øksnes kommune i Nordland var det siste fyret som blei reist i Noreg. Det blei oppretta i 1932.

[endre] Utforming av fyrtårn

Fyrtårnet si form, høgd og plassering blir bestemt av funksjonen det skal utføre. Høgda over havet for lysutstrålinga vil, saman med lysstyrken, avgjere rekkjevidda av lyset. Leifyr er ofte lågare enn kystfyr, dei har funksjonen sin i det nære farvatnet, medan kystfyra skal lyse langt, og er derfor høge for å kompensere for jordkrumminga. Fyret skal òg fungere som dagmerke.

Bengtskär fyr er det høgaste fyret i Norden
Bengtskär fyr er det høgaste fyret i Norden

Sletringen fyr på Frøya i Sør-Trøndelag som blei oppretta i 1899 og automatisert og avfolka i 1993, har Noregs høgste fyrtårn. Tårnet er av støypejern og er 45 meter høgt. Til samanlikning er verdas høgaste fyr Yokohama Marine Tower i Japan. Fyret er ein stålkonstruksjon som ragar 106 m, det har ei kraft på 600 000 candela (1 candela = 1 stearinlys) og ei synleg rekkjevidd på 20 nautiske mil. I Norden er Bengtskär fyr, som ligg sør for Hanko i Finland høgast. Dette fyret er 52 m høgt, og blei bygd i 1906. Bengtskär fyr er også det første fyrmuseet i Finland.

På slutten av 1700-talet starta støypejernindustrien si blomstringstid, og ei skilsetjande hending i fyrhistoria skjedde i 1842, då det første store fyrtårnet i jern blei støypt og sett opp på Morant PointJamaica. I 1853 blei det første jerntårnet i Noreg oppført, på Eigerøy fyrstasjon. Fram til 1950, blei det oppført 40 fyrtårn i støypejern her til lands. Frå 1870-åra begynte også oppføring av fyrtårn i betong, noko som etter kvart fekk stor utbreiing. Fram til 1890 var alle fyrbygningane måla i ein okerfarge, seinare blei dei måla kvite. Det blei etter kvart vanleg å måle ei ca. 1 meter brei, raud stripe vertikalt på lang- eller gavlveggen for at fyret skulle synast betre som dagmerke. I 1950-åra blei det vanleg å kle fyrbygningar med asbestplater (eternitt). I dag blir ofte den gamle kledinga restaurert eller erstatta med ny kleding.

[endre] Brennstoff og lyskjelder

Dei eldste fyra var bålfyr, der det blei først fyrt med ved og frå 1700-talet med kol. Mellom 1802 og 1839 blei det oppført seks kolblussfyr i Noreg. Det siste som blei reist, kanskje også det siste i verda, var Villa fyr utanfor Namsos i Nord-Trøndelag, som blei bygd i 1839. Dette var også det første fyret nord for Trondheimsfjorden. På 1700-talet var også tranfyr i bruk, men tranen blei etter kvart erstatta med andre typar oljer som rapsolje, parafin og til slutt petroleum på 1870-talet. Petroleum var både monaleg billegare og gav vesentleg betre lys, og har vore nytta som brennstoff heilt fram til vår tid.

På starten av 1900-talet blei også acetylengass brukt som brensel på nokre fyr. I 1862 blei det første elektriske fyret etablert i Frankrike. I 1897 blei elektrisitet prøvd ut på Ryvingen fyr utanfor Mandal, men det blei for kostbart i drift og blei bygd om for acetylengassdrift. Hovudtyngda av omlegging til elektrisitet på norske fyr kom så seint som etter den andre verdskrigen. Dei elektriske glødelampene er no skifte ut med energisparande halogenpærer, og på fleire fyr blir desse drivne av solcellepanel eller vindgeneratorar.

[endre] Linser og lyssignal

 Storleiken på Fresnels linse blir inndelt i seks trinn frå sjette orden som det veikaste til første orden som det sterkaste. Foto: Stephen West
Storleiken på Fresnels linse blir inndelt i seks trinn frå sjette orden som det veikaste til første orden som det sterkaste.
Foto: Stephen West

For å forsterke lyset blei optiske verkemiddel nytta i form av reflekterande messingplater, spegl og glaslinser. I 1823 blei Augustin Fresnels lysbrytande glaslinse for første gong teken i bruk på Corduan fyr utanfor Bordeaux. Linsa revolusjonerte utviklinga innan fyrlys over heile verda. No blei det mogleg å samle lyset som ein komprimert strålebunt eller sende det ut som eit horisontalt lysbelte. Fyrlysa blei meir synlege over lengre avstandar, men framleis var lysa frå dei forskjellige fyra temmeleg like.

 Augustin Fresnel (1788-1827) fann opp den lysbrytande glaslinsa som framleis er i bruk i fyr.
Augustin Fresnel (1788-1827) fann opp den lysbrytande glaslinsa som framleis er i bruk i fyr.

Fresnels linser blei laga i seks storleikar (brennvidder). Linsa sin storleik er delt inn i ein orden etter lysstyrke, som blir gjeven som normallys. «1. orden» er den største linsestorleiken med ei brennvidde på 92 cm, og «6. orden» er den minste med ei brennvidde på 15 cm. Ei linse av 1. orden har med andre ord ein diameter på 1,84 meter. I 1832 blei fyrlinser tekne i bruk i Noreg, første gongen på Oksøy fyr.

Lys som blei forsterka med hjelp frå linser gjorde at skjermar av farga glas i raudt og litt seinare grønt kunne takast i bruk. Fargen på lysstrålen syner i kva sektor ein ligg i forhold til fyret. Raud og grøn farge på lysstrålen gjev informasjon om at sektoren har ureint farvatn, medan kvitt lys viser sektorar for seglbart farvatn.

I 1870-åra begynte fyra å signalisere blink med hjelp frå stållamellar som enten roterer rundt ei midtlinje (von Otter systemet) eller rundt lyskjelda (ingeniør L. F. Lindbergs rotor). Det blei no enklare å fastsetje posisjonen for eit observert fyr. Forskjellige linsetypar, storleikar, linserotasjon (blinkrytmar i lyssignalet) gjorde det no òg enklare å skilje dei forskjellige fyra frå kvarandre. Blinkrytmen følgjer eit lyskaraktersystem som kan delast inn i to hovudkategoriar:

 Nils Gustaf Dalén (1869-1937) fann opp solventilen som sløkkjer fyrlyset i dagslys. Foto: Atelier Jaeger, Stockholm
Nils Gustaf Dalén (1869-1937) fann opp solventilen som sløkkjer fyrlyset i dagslys. Foto: Atelier Jaeger, Stockholm
  1. Okkulterande: Lyset blir avbrote av kortare mørkeperiodar med visse mellomrom.
  2. Blinkande: Lysperioden er kortare enn mørkeperioden.

Innanfor desse hovudgruppene finst det ei rekkje undervariantar. Det er viktig at fyr som ligg nær kvarandre har ulik lyskarakter, for å unngå forbyting.

I heile fyrhistoria har det vore arbeidd med å forenkle og automatisere drifta av fyra. I 1880-åra blei det utvikla brennarar som kunne brenne åtte - ti dagar utan tilsyn. I 1907 hadde Nils Gustaf Dalén konstruert solventilen, som blei teken i bruk på fyra og fekk lyset til å tenne og sløkkje automatisk. Dalén fekk seinare Nobelprisen i fysikk.

[endre] Tåkesignal

Maskinrommet til tåkeluren på Lindesnes fyr. Foto: Philip Andreas Gabrielsen
Maskinrommet til tåkeluren på Lindesnes fyr.
Foto: Philip Andreas Gabrielsen

Behovet for tåkesignal blei ytra allereie på Fredrik II si regjeringstid, og eit utal av forskjellige metodar har vore nytta opp gjennom hundreåra. Gong-gong, kanon, skytekrut, klokke, dampfløyte, sirene og meir moderne trykkluftsignal. Diafonen med sitt karakteristiske «raut» var høgdepunktet i denne utviklinga. Etter 1988 er alle norske tåkesignalanlegg ute av ordinær drift. Enkelte anlegg er framleis operative, men blir vanlegvis einast brukte til demonstasjonsføremål.

[endre] Fyr i Noreg under den andre verdskrigen

Under den andre verdskrigen sytte okkupasjonsmakta for at dei norske fyra blei sette ut av spel som navigasjonssystem, og rundt fleire av dei blei det etablert festningsverk. På Færder fyr var det stasjonert 12 tyskarar, i tillegg til den faste beteninga. Det blei grave fire skyttargraver som forsvarsverk og det var piggtråd rundt heile øya. Fyret blei einast tent og sløkt på kommando frå okkupantane, for det var berre tyske skip som skulle ha nytte av fyrlysa.

På Lindesnes fyr er det i dag mange hallar og rom sprengde ut inne i fjellet fyret står på. Det er også hundrevis av meter med gangar som blei bygde opp att i 1990-åra.

Fyra blei bombemål for allierte fly, og mange fyr blei sterkt skadde som følgje av bombing. Dette medførte eit omfattande gjenreisingsarbeid på fyra i dei første fredsåra.

Alle fyrstasjonane i Finnmark blei øydelagde som følgje av den brende jords taktikk då tyskarane trekte seg tilbake i 1944. Dei blei gjenreiste etter krigen, etter den stramme, funksjonalistiske arkitekturen i samtida.

[endre] Radio- og radarfyr i Noreg

I 1923 blei dei første radiofyra innførte i Noreg, som eit av dei første landa i verda. Dei blei etablerte på Færder fyr og Marstein fyr. No er dei avleggs, men nokre har fått ny funksjon for DGPS-teneste (Differential Global Positioning System) som leverer korreksjonssignal til GPS (Global Positioning System) navigasjonsutstyr på skip. Det er 12 fyrstasjonar som har denne funksjonen langs Norskekysten i dag (2006), Færder, Lista, Utsira, Utvær, Svinøy, Halten, Sklinna, Skomvær, Andenes, Torsvåg, Fruholmen og Vardø.

Radarfyr (engelsk: Radarbeacon, forkorta til Racon), er no også monterte på fleire av fyrstasjonane i Noreg. Dette er radiofyr som automatisk svarer på radarsignal frå fly eller skip og som viser eit identifiserbart merke på skips/flyradaren. Med hjelp av to radiofyr med forskjellige identifikasjonssignal kan ein bestemme posisjon av skip eller fly. Dette systemet blir kalla Shoran (short range navigation).

[endre] Automatisering og avfolking

Frå tida då det første norske fyret blei reist i 1655, blei det etablert til saman over 200 bemanna fyrstasjonar i Noreg. Det siste norske bemanna fyret blei sett opp i 1932. Då den første automatiseringsplanen kom i 1975, var allereie meir enn 100 fyrstasjonar avfolka. Dei siste tiåra har det skjedd ei dramatisk utvikling, alle installasjonar som gjev lys eller elektroniske signal er no fullstendig automatiserte, og fyrtenesta blir no driven stort sett utan mannskap. Drygt 100 av fyrstasjonane blir likevel framleis drivne som navigasjonsinstallasjonar, sjølv om dei berre blir eitt av fleire viktige navigasjonshjelpemiddel. Automatiserte fyr blir ofte erstatta med ei frittståande lykt.

På nettstaden til Noregsdokumentasjon kan ein lese eit intervju[1] med ein fyrvaktar på Færder fyr. Intervjuet er gjort på fyret av Jan Eidi 5. juni 2002 med fyrvaktar Jan Erik Hansen frå Tønsberg. Då hadde Hansen vore fyrvaktar sidan 1973. Om livet som fyrvaktar seier han:

«Turnusen på Færder var tre veker på jobb og ei veke heime. Ein fyrvaktar måtte forsake både mykje av samværet med familien og det sosiale livet på land. Det var omtrent som å vere til sjøs, men dei er oftare i land. Av det positive med å jobbe på fyr er at ein har god tid til å reflektere og tenkje, havet gjev både fred, ro og spenning i eit ope landskap. Mange synest jobben er for roleg og at ein ikkje får brukt seg sjølv og sine ressursar på ein tilfredsstillande måte.»...«Det var tre mann på fyret av gangen, men berre ein på vakt.»

I tillegg til vedlikehald av fyrstasjonen og tilsyn/vedlikehald av lyktene omkring hadde fyrvaktarane faste, daglige arbeidsoppgåver:

«Det er ein meteorologisk stasjon på øya. Kvar tredje time skal det takast vêrobservasjonar som skal sendast til Oslo. Tidlegare måtte alt dette gjerast manuelt, i dag går mykje automatisk, men vêr, skyer, bølgjehøgd, nedbørmåling og sikt må framleis meldast manuelt.»

Mange av fyrstasjonane i Noreg var familiestasjonar. Det vil seie at fyrvaktarane budde på fyra med familiane sine. I fyrdirektørens instruks hadde «fyrvaktaren med sin husstand» ansvar for å vakte fyret (utan at husstanden fekk noko særleg kompensasjon for arbeidet). Frå same nettstad som over kan ein lese om Færders fyrs historie:

«Etter at busetnaden var på plass var det fire familiar som budde på fyret. I 1920-åra var det opp til 30 menneske som budde der fast og dei hadde eigen skole på øya med klasserom oppe i tårnet. Dette varte til byrjinga av 1950-talet då det var berre to elevar att. Den siste guvernanta på Færder kom frå Hamar og hadde ikkje sett anna vatn enn Mjøsa, så det var ein stor overgang for henne då ho skulle bu midt ute på havet.»

I dag er det slutt på det klassiske fyrvaktaryrket, alle fyrstasjonar i landet er avfolka og fyrvaktarane har andre oppgåver.

[endre] Freding og vern

Automatiseringa og avfolkinga truar fyra med forfall. I løpet av 1900-talet har også fleire fyr blitt nedlagde og rivne, og andre har fått nye eigarar. Alternative bruksformer som er i pakt med fyra sin eigenart blir forsøkt utvikla, og fleire av dei nedlagte fyra blir tilrettelagt for ålmenta. I 1997 utvikla Riksantikvaren i samarbeid med Kystdirektoratet ein nasjonal verneplan for fyrstasjonar for å tryggje eit representativt utval av fyra for ettertida. Verneplanen går ut på freding av rundt halvparten av fyrstasjonane i Noreg (84 fyr), på bakgrunn av den kulturhistoriske verdien av fyra.

I EU-regi føregår det no eit prosjekt som går ut på å utvikle ein strategi for vern og bruk av gamle steinfyr. To fyrtårn på Utsira er med i prosjektet saman med fyr i Italia, Hellas, England og på Kypros. Formålet er å skape forståing og lokalt engasjement for utvikling av ein strategi for gamle europeiske steinfyr. Viktige element her er verneverdi og vern i harmoni med landskap og omgjevnader. Prosjektet skal også skape forståing for kor viktig fyrstasjonen var for kystkulturen. Det skal også setje fokus på ny bruk av fyra, med utgangspunkt i lokalkunnskap, interesse og idear. Prosjektet starta i 2004 og skal avsluttast i 2007.

I regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2006 er det føreslått å etablere etatsmuseum for Kystverket, som blant anna skal profilere Kystverket si kulturhistoriske rolle. Lindesnes fyrmuseum skal ha ei koordinerande rolle i etatsmuseet, som vil bestå av eit nettverk av fire lokale museum. Dei tre andre musea er Tungenes fyrmuseum i Randaberg, Dalsfjord fyrmuseum i Volda og Lofotmuseet.


[endre] Fyr i litteraturen

Fyr er spesielle bygningar, som ofte har fått symbolsk tyding i romar. Mummipappa drar t.d. med familien sin til eit fyr i Tove Jansson si bok Mummipappaen og havet.


[endre] Bilete av fyr frå fleire land

[endre] Sjå òg

[endre] Litteratur

  • Bjørkhaug, B. & S. Poulsson: Norges fyr, Grøndahl, 1986-87, 2 b. (Norske minnesmerker) ISBN 82-504-0813-6
  • Olderkjær, O.: Norske fyr: ei reise langs kysten, Samlaget 1999 (rev. utg. 2004)
  • Rode, C.F.: Norges fyrvesen: fyr-, merke- og ringevesenet gjennom 250 år, Steenske Forlag 1941

[endre] Bakgrunnsstoff


Static Wikipedia 2008 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -

Static Wikipedia 2007 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -

Static Wikipedia 2006 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu