Unije
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Unije | |
---|---|
Den einaste landsbyen på Unije |
|
Geografi | |
Stad | Adriatarhavet |
Koordinatar | |
Øygruppe | Cres-Lošinj |
Areal | 17 km² |
Administrasjon | |
Land | Kroatia |
Fylke | Primorje-Gorski Kotar |
Demografi | |
Folketal | 85 (2001) |
Unije (italiensk: Unie) er ei øy i Adriatarhavet ved kysten av Kroatia. Ho er ein del av øygruppa Cres-Lošinj, og er den tredje største av desse med eit areal på 17 km². Det finns mange viker og strender på øya, med låge åsar som er dekka av eviggrøn krattskog og oliventre.
Den einaste busetnaden på øya er Unije. Det er ein typisk fiske- og bondelandsby som inneheld 280 hus. Husa ligg i ein slag skråning opp frå sjøen på vestsida av øya. Landsbyen ligg ope til, og hamna gjev derfor ikkje god vern mot stormar frå vest og nordvest. Når det er uvêr må småbåtar dragast opp på strendene, medan dei større båtane vert flytta til viker som ligg meir i le på austsida.
Året rundt bur det om lag 85 personar på øya, men om sommaren under turistsesongen er det meir enn 400 buande her.
[endre] Lenkjer ut
|
|
---|---|
Istria: Brijuni | Crveni Otok | |
Kvarner: Cres | Dolin | Goli otok | Ilovik | Krk | Lošinj | Oruda | Prvić | Rab | Susak | Sveti Grgur | Sveti Petar | Trstenik | Unije | Vele Srakane | Veti Orjule | Zeca | |
Nord-Dalmatia: Dugi Otok | Gangarol | Ist | Iž | Jadra | Kakan | Kaprije | Kornaten | Kurba | Lavdara | Lavrnaka | Lavsa | Maun | Molat | Murter | Olib | Pag | Pašman | Planik | Premuda | Prvić | Riva | Sestrunj | Sliba | Škarda | Škrda | Tijat | Tramerka | Ugljan | Veli Arta | Veli Smokvica | Vir | Vrgada | Zlarin | Zmajan | Zverinac | Žirje | Žižanj | Žut | |
Sentral-Dalmatia: Biševo | Brač | Brusnik | Budihovac | Čiovo | Hvar | Mali Drvenik | Ravnik | Stipanska | Svetac | Sveti Klement | Šcedro | Veli Drvenik | Vis | |
Sør-Dalmatia: Badija | Crkvine | Daksa | Goleč | Jakljan | Koločep | Kopište | Korčula | Kosmec | Lastovo | Lokrum | Lopud | Mljet | Misjak | Olipa | Palagruža | Proizd | Ruda | Sveti Andrija | Šipan | Tajan | Vrnik |