Empedokles
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Empedokles var ein filosof som levde på byrjinga av 400-talet før vår tidsrekning og kom frå Akragas på Sicilia.
Han er kjend for sin teori om at alt stoff i verda skal vera bygd opp av fire grunnelement (ein arkhe-teori). Empedokles sin teori blir difor rekna for å vera opphavet åt elementlæra. Han tenkte seg at alt i den fysiske verda var bygd opp av ei samansetjing av det han såg på som dei fire grunnelementa; eld, luft, vatn og jord. Desse elementa representerte eigenskapane våt, tørr, varm og kald. Alt i verda var såleis laga av ein kombinasjon av desse elementa, og endring kom av endring i samansetjinga av dei ulike elementa. Endringa vart gjort av to krefter, ei som skilde og ei som sette saman.
[endre] Kjelde
- Dagfinn Døhl Dybvig & Magne Dybvig (2003). Det tenkende mennesket. Trondheim: Tapir. ISBN 8251918642.
Den miletiske skulen : Tales frå Milet · Anaksimander · Anaksimenes frå Milet Den pythagoriske skulen : Pythagoras · Alkmeon frå Krotone · Filolaos frå Krotone · Arkytas frå Tarente Den efesiske skulen : Heraklit — Den eleatiske skulen : Xenophanes · Parmenides · Zenon frå Elea · Melissos frå Samos Pluralisme : Anaxagoras · Empedokles — Atomisme : Leukippos · Demokrit Sofistar : Protagoras · Prodikos · Gorgias · Hippias · Kritias |
Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over historiespirer. |