Februar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Månadene i den vestlege kalenderen |
1 januar 2 februar 3 mars 4 april 5 mai 6 juni 7 juli 8 august 9 september 10 oktober 11 november 12 desember |
|
jødisk muslimsk bahá’í |
Februar er den andre månaden i den julianske og gregorianske kalenderen. Han har 28 dagar (29 i skotår), og er dermed den kortaste månaden.
Namnet kjem frå den etruskiske guden for død og reinsing, Februus, og den romerske høgtida februalia. Månaden blei teken inn i den romerske kalenderen av Numa Pompilius rundt 700 f.Kr., etter at romarane tidlegare ikkje hadde rekna månader om vinteren. Februar var den siste månaden i kalenderen, og fekk av den grunn den ekstra dagen i skotår.
[endre] Namn
Tidlegare namn på månaden er göjemånad i Sverige, blidemåned i Danmark. Angelsaksarane kalla han solmoneth, sølemånad, og kale-monath, 'kålmånad'. På finsk heiter februar helmikuu, 'perlemånaden'.
[endre] Årvisse hendingar i februar
- 1. februar: Mange nyheidningar feirar imbolc.
- Rørosmartnan tek til den nest siste tirsdagen i månaden
- Den kristne høgtida oskeonsdag fell ein stad mellom 4. februar og 10. mars. Karneval og Mardi Gras-feiringar fell derfor gjerne i februar.
[endre] Anna
Februar tek til same dagen av veka som mars og november i vanlege år, og som august i skotår.