Januar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Månadene i den vestlege kalenderen |
1 januar 2 februar 3 mars 4 april 5 mai 6 juni 7 juli 8 august 9 september 10 oktober 11 november 12 desember |
|
jødisk muslimsk bahá’í |
Januar er første månaden i den julianske og gregorianske kalenderen og har 31 dagar. Namnet kjem frå den romerske guden Janus, som var gud for all byrjing. Det romerske senatet vedtok i år 154 fvt. at januar, og ikkje mars, skal vere den første månaden i året. Romarane kalla januar for Januarius.
1. januar, Nyårsdagen, er offisiell heilagdag og flaggdag i Noreg.