Kål
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kål er eit mangetydig omgrep som blir brukt om ei slekt av grønsaker (Brassica, sjå kålslekta). Det kan òg brukast som del av namnet til grøne plantar som ikkje er i slekt med, men som minner om, kål. Omgrepet blir likevel mest brukt om grønsaker som stammer frå villkål, og som alle tilhøyrer arten Brassica oleracea. Dei ulike kålslaga har lite til felles når det gjeld utsjånad, men dei har så godt som alle kål i namnet: Hovudkål, kvitkål, grønkål, raudkål, rosenkål, blomkål, brokkoli, knutekål og kålrot.
Innhaldsliste |
[endre] Bruk
Ulike plantedelar frå ulike kålplantar blir brukte til mat. Ein et stilken av knutekål og brokkoli, blomen av blomkål og romanesco, og blada til hovudkål.
Kålplantar kan etast rå, men er vanlegvis varmebehandla. Dei kan kokast lenge, som i matretten fårikål, eller kort, som i wokrettar. Surkål er kål som er gjæra eller sylta, og blir servert kaldt.
Nokre artar med kvite eller lilla blad eller blomar kan òg dyrkast som prydplantar.
[endre] Opphav
Villkål, den opphavlege Brassica oleracea som alle kultivarane stammer frå, er ein toårig plante som i dag veks ved kysten sør og vest i Europa. Planten klarer seg godt i salt- og kalkhaldig jord, men trivst ikkje med konkurranse. Derfor veks han helst på ugjestfrie sjøklipper.
[endre] Dyrking
Menneske tok til å dyrka villkålet, og fann fort ut at det var ein næringsrik grønsak som haldt seg lenge. Det blei ein viktig vintergrønsak, som etterkvart blei foredla til mange variantar med ulik smak, storleik, farge og veksemåte.
Kål blir helst dyrka tidleg og seint på året, ettersom det ikkje trivst med for mykje varme. Det finst tidlegkål, som blir mogne på rundt femti dagar og må etast raskt. Seinare kål bruker rundt åtti dagar på å veksa, og kan lagrast lengre.
[endre] Ordsoge
Ordet «kål» kjem opphavleg frå gresk kaulos, som tyder 'stilk'. I tillegg til at ein bruker ordet for grønsaker, særleg hovudkål, og retter laga av dei, som surkål og fårikål, finst ordet òg i namn på plantar som ikkje blir nytta til matlaging. Nokre av desse er vårkål og skvalderkål.
Denne artikkelen manglar ein taksoboks. Du kan leggja ein til sjølv ved å følga desse retningslinene. |