Fimbulvinteren
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fimbulvinteren (av norrønt språk Fimbulvetr «frykteleg, stor vinter») er i norrøn mytologi den harde vinteren som kjem før Ragnarok. Fimbulvinteren er tre etterfylgjande vintrar utan sommar mellom. I denne tida er det sagt å verta eit hoptal av krigar. Vinteren gjer ende på mest alt levande på jorda. Liv og Livtrase er det einaste menneskeparet overlever Ragnarok. Dei gøymer seg i skogen til Hoddmime.
[endre] Klimaendring?
Det har vorte spekulert i om førestelinga om Fimbulvinteren stammar frå klimaendringane mot slutten av jernalderen. Før klimaendringa var klimaet i Norden etter tilhøva varmt.
[endre] Sjå òg
- Sigbjørn Hølmebakk, ein norsk forfattar, har skrive romanen Fimbulvinteren utgjeve i 1964.
- Filmen Brent jord frå 1969, som byggjer på romanen Fimbulvinteren.