Fjernsynsprogrammet Kontrapunkt
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fjernsynsprogrammet Kontrapunkt var ein samnordisk musikkgisseleik produsert av NRK, SVT, YLE og Danmarks Radio.
Programmet gjekk i periodane 1964–1980 og 1985–1998 (1985 berre i Sverige). Den fyrste perioden var Kontrapunkt eit einmannsshow i regi av programleiararen Sten Broman. I den andre perioden vart programmet leia av Sixten Nordström, med god hjelp frå domar Jens Østergaard med assistentdomar Arne Ericsson (1988), Benny Dahl-Hansen (1990–94) og Rosi Djupsund (1996–98).
Dei faste deltakarnasjonane har vore Noreg, Sverige og Danmark. Finland har delteke på uregelmessig basis. Island var med 1990–1998.
Noreg har tradisjonelt sparka godt frå seg, men måte bite i graset mot regjerande Kontrapunktmeister Finland , som gjekk sigrande ut av den dramatiske finalen i 1998.
[endre] Gullmedaljevinnarar
- 1998: Finland (Mats Liljeroos, Kari Rydman og Ann-Kristin Schevelew)
- Finland gjekk sigrande ut av ekstrarunden etter 36–36 i finalen mot Noreg (Magne Seland, Ola Faye og Kjell Hillveg)
- 1996: Noreg (Ola Faye, Lene Grenager og Kjell Hillveg)
- 1994: Sverige (Roger Edman, Paul Christian Sjöberg og Christina Tobeck)
- 1992: Noreg (Kjell Hillveg, Gro Shetelig Kruse og Audun Kayser)
- 1990: Noreg (Kjell Hillveg, Gro Shetelig Kruse og Audun Kayser) (9 matchpoeng)
- 1988: Noreg (Ola Faye, Kjell Hillveg og Trond Jahr) (10 matchpoeng)
- 1980: ?
- Noreg tok sølvet
![]() |
Denne medieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over mediespirer. |