Foldfjorden
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Foldfjorden skjer seg inn i og deler den ytre delen av Ertvågsøya i Aure kommune på Nordmøre i to. Foldfjorden er på to stader så smal at det oppstår tidevasstraumar. Den ytre straumen er sterkast og når den ber på det sterkaste er det berre så nettast at ein kjem seg gjønom med ein 5 hk påhengsmotor på ein færing. Indre straumen, som ligg mellom Myllåvågjen og Foldvågjen er ikkje sterkare enn at han kan roast. Foldfjorden er om lag sju km lang og omlag 100 m djup.
Dei to straumane fører til at vatnet i Foldfjorden ikkje er så salt som vanleg sjøvatn, noko som i stor grad påverkar fisk og anna fauna. Dette gjeld særleg den indre delen av fjorden, der det knapt nok veks tang og tare. Torsk som vert fiska i Foldfjorden er ofte mager og høver best som kattmat, medan lyr og sei ofte held bra kvalitet. Det låge saltinnhaldet fører òg til at isen legg seg tidleg på Foldfjorden, særleg om det vert kaldt rett etter at det har vore stor vassføring i elvene.
[endre] Foldfjordsvegen
Rundt 1829 vart det sett i gang arbeid med å byggja veg gjennom Foldfjorden, frå Vågosen til straumskaget ved den indre straumen på Follan [1]. Strekninga, som var omlag 10 km lang, vart delt inn i fire delar og fire arbeidaslag vart sett til å arbeida på kvar sin del. Arbeidet var utført av arbeidspliktige oppsittarar frå heile Ertvågsøya. Mange meinte at dei ikkje hadde bruk for veg og det hendte at sume freista å lura seg unna, eller slurva med arbeidet. Men ein veginspektør frå myndigheitene inspiserte arbeidet og rapporterte til lensmannen, som skreiv ut bøter til dei som ikkje møtte opp.
Arbeidet gjekk likevel seint. Rundt 1840 gjorde kommunestyret vedtak om at det òg skulle byggast veg frå Klaksvika til Espset. Fyrst langt innpå 1840-talet vart det bestemt at dei to vegstubbane skulle knytast saman med veg frå Espset til Follan. Rundt 1850 var heile strekninga mellom Vågosen og Klaksvika såpass ferdig at den kunne rodeleggast; oppsittarane langs vegen fekk då kvart sitt vegstykke å halda i orden. Dei hadde òg brøytepplikt om vinteren, noko mange meinte ikkje var naudsynt og det var stor missmøye med å verta pålangt arbeid dei ikkje såg nytten av.
Mellom Vågosen og Skauset gjekk vegen langs Skausetvatnet og med unnatak av småbakkar var vegen flatvoren. Mellom Skauset og Innigarden var det ei bratt kleiv, Skausetkleiva. Vidare utover Ålmogrenda gjekk vegen over dyrka mark og traseen var lagt slik at gardsvegane vart så korte som muleg. Rett utom Ålmogrenda var dei ei bratt kleiv, som vart kalla Sølbota. Resten av vegen mellom Ålmogrenda og Semundset gjekk òg gjennom kupert terreng og det var knapt nok flate parti mellom bakkane. Mellom Semundset og Follan var det òg bakke opp og bakke ned heile vegen. Rett innom Follan låg Follkleiva, som var den lengste og brattaste kleiva på heile Foldfjordsvegen.
Då bilane dukka opp førte bakkane til stadig problem. Dei fyrste bilane hadde dårlege bremser og det var vanleg å ha med ein halvvokstring eller to som sprang etter og la stein attom hjula når det vart stopp i ein bakke. På grunn av alle bakkane var det vanskeleg å brøyta vegen skikkeleg og om vinteren var det ofte berre traktorar og hestar som kom fram.
Vegen mellom Skauset og Ålmogrenda vart lagt om sist på 50-talet, slik at vegfarande slapp unna Skausetkleiva. På 1960-talet vart det bygd ny veg mellom Espset og Ålmogrenda, slik at så godt som alle bakkane forsvann.
[endre] Referanse
- ↑ Per Eilert Orten, Den nye dagen gryr, Bygdabok for Aure 1800 - 1900, Aure kommune, 2000.