Frank Aarebrot
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frank Henrik Aarebrot (f. 19. januar 1947) er ein norsk statsvitar frå Bergen, og professor i samanliknande politikk ved Institutt for samanliknande politikk på Universitetet i Bergenog professor II i demokratiutvikling ved Örebros universitet i Sverige. Han føreles blant anna ved Institut des Sciences Politiques i Frankrike og ved Humbolt-universitetet i Tyskland. Han har leidd fleire internasjonale prosjekt og vore redaktør av og medforfattar til ei rad bøker om demokratrisering i Europa etter kommunismen braut saman. Aarebrot forskar innan felta nye demokrati og demokratisering, valanalyse og metodikk, europeisk integrasjon og forskningsformidling, men er i Noreg kanskje mest kjend som politisk mediekomentator og ekspert på val.
Frank Aarebrot var vitskapleg assistent for Stein Rokkan. Etter å ha vore stipendiat ved Yale University 1969-1970 og vore forskingsmedarbeidar ved Historical Archives, ICPSR, University of Michigan, i 1973, vart Aarebrot i 1976 Cand.polit. med hovudfag i samanliknende politikk. Han har sidan 1977 vore tilsett ved Institutt for samanliknende politikk, Universitet i Bergen. Her femner hans faglege arbeid om forsking knytt til europeisk politisk utvikling, demokratisering og europeisk integrasjon, undervising innan desse emna og, ikkje minst, formidling. Aarebrots forsking om demokratisering og valanalyse er dessutan både i teori og praksis knytt til internasjonal valobservasjon, i ser gjennom den sentrale rolla Aarebrot har spela i utdaning av norske valobservatørar for internasjonale observasjonsoppdrag.
Aarebrot måtte amputera eine beinet, etter ein skjelettinfeksjon han fekk medan han var valobservatør under presidentvalet i Romania i 1990.
I samråd med sosiologen Harald Eia synleggjorde Aarebrot Pierre Bourdieu sin kritikk av fjernsynet som medium, gjennom eit sprell i NRK-programmet Team Antonsen. Aarebrot og Bård Tufte Johansen førde ei samtala om at Bordieu hevdar fjernsynet er eit distraksjonsorgan og ikkje eit informasjonsorgan, medan Kristopher Schau sleikte dip frå beinstumpen til Aarebrot. Dette skulle illustrera Bordieu sine tankar, med di sjåarane venteleg ikkje hugsar noko slag av samtala, men berre at Schau sleikte dip frå den amputerte Aarebrot.
Frank Aarebrot soknar politisk til Det norske arbeidarpartiet, og har på grunn av si openlyse tilknyting til partiet, av somme vorte sett på som ein unøytral politisk komentator.
[endre] Bibliografi
- Frank Aarebrot og Pål Bakka: “Die Vergleichende Methode in der Politikwissenschaft“ i Dirk Berg-Schlosser og Ferdinand Müller-Rommel (red.): Vergleichende Politikwissenschaft, 4. utgave, (2006)
- Joakim Ekman, Henri Vogt, Frank Aarebrot og Sten Berglund: The Making Of The European Union: Foundations, Institutions and Future Trends (2006)
- Sten Berglund, Joakim Ekman og Frank Aarebrot (red.): The Handbook of political change in Eastern Europe 2. utgave (2004)
- Sten Berglund, Frank Aarebrot, Henri Vogt og Georgi Karasimeonov: Challenges to democracy : Eastern Europe ten years after the collapse of communism (2001)
- Frank Aarebrot og Terje Knutsen: Politics and Citizenship on the Eastern Baltic Seaboard. The structuring of Democratic Politics from North-West Russia to Poland (2000)
- Sten Berglund og Frank Aarebrot: The Political History of Eastern Europe in the 20th Century. The Struggle Between Dictatorship and Democracy (1997)