Franklin D. Roosevelt
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
President for Sambandsstatane (USA) | 4. mars 1933–12. april 1945 |
Føregjengar | Herbert Hoover |
Etterfylgjar | Harry S. Truman |
Fødd | 30. januar 1882 i Hyde Park i staten New York |
Død | 12. april 1945 i Warm Springs i staten Georgia |
Gift med | Eleanor Roosevelt |
Barn | |
Gravlagd | Hyde Park i staten New York |
Parti | Det demokratiske partiet i USA |
Franklin Delano Roosevelt (30. januar 1882–12. april 1945) var USA sin 32. president. I kortform vert han ofte omtala berre som "FDR". Han er den einaste president i USA som har vunne fire presidentval. Han er mest kjend for New Deal-programmet og for å ha leia USA gjennom andre verdskrig. Han fekk diagnosen polio då han var 39 år. Etter dette kunne han ikkje gå på eigenhand, og måtte mykje bruka rullestol. Roosevelt døydde like før krigen var over. Visepresident Harry S. Truman vart ny president.
[endre] Lenkjer ut
Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over historiespirer. |