Harstad
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
![]() |
![]() |
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 1901 |
Fylke: | Troms |
Administrasjonssenter: | Harstad |
Flatevidd: | 363 km² |
Folketal: | 23 261 (2007) |
Målform: | Nøytral |
Internettside: | www.harstad.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Halvar Hansen (Ap) 2003-2007 |
Harstad er ein by og kommune i Troms. Han er den nest største byen i fylket, og har vore ladestad frå 1904. Under kommunereforma i 1964 blei Harstad slått saman med dei to tidlegare kommunane Trondenes og Sandtorg. Mesteparten av kommunen ligg på nord- og austsida av Hinnøya, den største øya i Noreg.
Byen er administrasjons- og skulesenter Sør-Troms, og eit viktig trafikknutepunkt, med mellom anna daglege vitjingar av Hurtigruta. Dei nordnorske festspela blir arrangerte i Harstad kvart år i slutten av juni. Byen har eiga lokalavis, Harstad Tidende.
Innhaldsliste |
[endre] Forsvaret
Harstad er tidlegere forsvarsby med Trondenes leir som mellom anna viser fram Adolfkanonen frå den andre verdskrigen. Han huser eller har husa:
- Befalsskolen for Infanteriet i Nord-Norge låg i Trondenes leir frem til han blei lagt ned sommaren 2003.
- Kystjegerkommandoen nyttar framleis Trondenes leir, men det har vore snakk om å flytta KJK til Tromsø.
- Forsvarets musikkorps Nord-Norge (også kjent som divisjonsmusikken)
- Forsvarets Lønnsadministrasjon
- Kystvakta KV «Harstad» har fått namnet sitt etter byen
[endre] Bydelar og bygder
Harstad by har tolv bydelar: Trondenes, Sama, Harstadåsen, Skaret, Sentrum, Heggen, Seljestad, Harstadbotn, Åsby, Gangsås, Stangnes og Kanebogen.
Desse tettstadane og bygdene, rekna sørover frå nordvest, ligg i kommunen: Kasfjord, Ervik, Hagan, Kilhus, Grøtavær, Lundenes, Alvestad, Medkila, Breivik, Ruggevik, Kilbotn, Nordvik, Melvik, Sørvik, Halsebø, Fauskevåg, Gausvik, Haukebø og Sandtorg.
[endre] Kjende harstadværingar
- Ole Jacob Bangstad, generalinspektør for Hæren (1971–79), leiar i Norges idrettsforbund (1973–84)
- Trygve Bornø (1942– ), landslagsspelar i fotball, generalsekretær i Norges fotballforbund, direktør i AS Ullevaal stadion
- Kristin Clemet (1957– ), politikar
- Hans Egede (1686–1758), prest, Grønlands apostel
- Karl Erik Harr (1940– ), biletkunstnar
- Kine Hellebust (1954– ), songar og skodespelar
- Knut Magne Myrland (1948– ), visesongar
- Iren Reppen, artist
- Kjetil Rolness (Jens Pikenes), artist og forfattar
- Lars A. Sandness (Poppa-Lars), hip-hop artist i Tungtvann
- Svein Erik Sogge, skøyteløpar
- Ketil Stokkan (1956– ), artist
- Odd Børre Sørensen (Rocke-Børre), norsk popsongar
- Tove Veierød, lærar, politikar, sosialminister (1990–92), styreleiar for Dei nordnorske festspela
- Peder Ås, stortingsrepresentant
[endre] Verdt å vitja

- Trondenes kyrkje frå ca 1250
- Harstad kyrkje frå 1958
- Harstad kulturhus
- Trondarnes Distriktsmuseum
- Trondenes Historiske Senter
- Altevågen
- Røkenes Gård
- Sandtorgholmen
- Adolfkanonen
[endre] Utanfor Wikipedia
- Harstadportalen
- Kart over Harstad kommune
- Harstad Tidende
- Kommunefakta (Troms) - frå Statistisk sentralbyrå
- Harstad kommune sine heimesider
|
![]() |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |