Impresjonisme
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Impresjonisme er ei nemning som blir nytta om ein stil i fransk målarkunst frå slutten av 1800-talet. Nemninga kan óg vise til musikk frå rundt den same tida.
[endre] Impresjonistisk målarkunst
Impresjonismen skal ha ha fått namnet sitt frå eit måleri av Claude Monet med tittelen «Impression: Soleil levant» (1872). Det var ei nemning som opphaveleg vart nytta som noko negativt av ein kritiker. Andre impresjonistiske målarar var: Edouard Manet, Edgar Degas, Camille Pissarro, Pierre-Auguste Renoir, og Paul Cezanne.
[endre] Impresjonistisk musikk
Impresjonisme som omgrep vart også nytta til å omtale ein ny musikkstil som vaks fram frå omkring 1890. Denne stilen kjenneteiknast av eit fokus på klang, atmosfære, utenommusikalske referansar til sanseinntrykk og stemningar, og ofte ein fasinasjon over det eksotiske og eventyrlige. Musikalske stiltrekk som uvande skalatypar, tette harmoniar og parallellførde akkordar vart hyppig nytta.
Claude Debussy blir rekna som den viktigaste impresjonistiske komponisten. Maurice Ravel reknas oftast óg som impresjonist. Det finst ikkje mange andre, og det kan nemnast at desse komponistane ikkje rekna seg sjølv som impresjonistar.
Den norske komponisten Alf Hurum var sterkt inspirert av Debussy, og reknast som ein som førte vidare ein impresjonistisk stil i Noreg.
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |