Julesongar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Julesongar er songar av varierande innhald og form som har til felles at dei særleg blir framførte til jul.
Songane handlar gjerne om Jesusbarnet, julenissen eller andre juleskikkar. Ein syng dei særleg når ein går rundt juletreet julaftan eller på juletrefestar. Ungar som går julebukk framfører ein julesong for å få julebukkløna si. Julesongar vert òg mykje spela på radio, fjernsyn og i kjøpesenter i heile juletida.
Typiske julesongar i Noreg inkluderer songleikar som «Så går vi rundt» og «Jeg gikk meg over sjø og land», julesalmar som «Det hev ei rosa sprunge» og «Det kimar no til julefest», engelske Christmas carols som «Away in a manger», «Ding dong merrily on high» og «Come, all ye faithful» og ymse populærmelodiar som «Bjelleklang», «Nå er det jul igjen» og «White Christmas».
[endre] Sjå òg
Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over musikkspirer. |