Ungarsk språk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ungarsk (magyar) |
||
Klassifisering: | Uralsk finsk-ugriske språk ugrisk |
|
Bruk | ||
Tala i: | Ungarn, Austerrike, Kroatia, Romania, Slovenia, Serbia og Montenegro, Slovakia, Ukraina | |
Område: | Ungarn, Slovenia, Vojvodina | |
Ungarsktalande i alt: | 14,5 millionar | |
Rangering: | 66. | |
Skriftsystem: | det latinske alfabetet | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i: | Ungarn og delar av Slovenia | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1: | hu | |
ISO 639-2: | hun | |
SIL | HNG |
Ungarsk er eit uralsk språk. I lag med mansisk og khantisk dannar det i følgje den dominerande klassifiseringa den ugriske språkgruppa. Ungarsk er ein fjern slektning av samisk og finsk, men det felles ordforrådet er svært lite.
Ungarsk blir snakka av 14-15 millionar menneske. I tillegg til dei 10 millionane som bur i Ungarn blir ungarsk snakka i alle nabostatane: I Romania, Slovakia, Ukraina, Serbia, Kroatia, Austerrike og Slovenia. På ungarsk heiter språket magyarul.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
[endre] Indre språkhistorie
Vi veit lite om ungarsk frå tida før ungararane kom til Europa. Ungararane budde på slettene nord for Svartehavet i lag med ulike tyrkiske stammar. Frå denne tida stammar mange tyrkiske lånord i ungarsk; t.d. Ungarn kjem frå eit tyrkisk stammenamn on-ogur 'ti piler'. På slutten av 800-talet flytta det ungarske ryttarfolket gjennom Donau-deltaet til det Karpatiske bassenget, til det området der Ungarn ligg i dag, og ungarsk kom under påverknad av tysk og dei sørslaviske språka.
[endre] Forskingshistorie
Det vitskaplege studiet av ungarsk starta med utforskinga av eit mogleg slektskap mellom ungarsk og finsk på 1600-talet. Ny fart fekk dette arbeidet etter Venus-passasjen, der Sajnovics og Anders Porsanger var i stand til å vise at samisk og ungarsk var i slekt. Det første professoratet i fennougristikk vart grunnlagt i Budapest i 1872.
[endre] Alfabet
Ungarsk er det einaste finskugriske språket som hadde eit eige alfabet i førkristen tid.
Ungarsk har ein bortimot fonetisk ortografi: kvart fonem blir alltid skrive på same måten. Det ungarske alfabetet er:
- a, á, b, c, cs, d, dz, dzs, e, é, f, g, gy, h, i, í, j, k, l, ly, m, n, ny, o, ó, ö, ő, p, (q), r, s, sz, t, ty, u, ú, ü, ű, v, (w), (x), (y), z, zs
Bokstavane blir uttalt som på tysk, med unntaka:
- kort a er ein kort, runda, open, bakre vokal, IPA [ɒ]
- lang á, IPA [aː]
- b, IPA [b]
- c, IPA [t͡s], "ts" (som i tysk "circa" = "zirka" sirka)
- cs, IPA [t͡ʃ], "tsj" (som i tysk "Tschechisch" tsjekkisk)
- d, IPA [d̪]
- dz, IPA [d͡z], "dz", den stemte varianten av bokstaven c
- dzs, IPA [d͡ʒ], "dž", den stemte varianten av bokstaven cs (som i tysk "Dschungel", i eng. "jungle")
- kort e er ein kort, unrunda, halvopen, fremre vokal, IPA [ɛ], med tendens til ein kort, nesten open, fremre vokal, IPA [æ]
- lang é, IPA [eː]
- f, IPA [f]
- g, IPA [g]
- gy, IPA [ɟ], "dj"
- h, IPA [h], [ɦ], ([x], [xː])
- kort i, IPA [i]
- lang í, IPA [iː]
- j, IPA [j], [ʝ]
- k, IPA [k]
- l, IPA [l]
- lj, IPA [j], [ʝ]
- m, IPA [m]
- n, IPA [n̪], ([ŋ]g, [ŋ]k )
- nj, IPA [ɲ], "nj" (som i fransk "montagne" fjell)
- kort o, IPA [o]
- lang ó, IPA [oː], (som i tysk "schon" allereide)
- kort ö, IPA [ø]
- lang ő, IPA [øː], (som i tysk "Schönheit" venleik)
- p, IPA [p]
- q, IPA [k(v)]
- r, IPA [ɾ]̪, [r̪]
- s blir uttalt som norsk sj, IPA [ʃ]
- sz, norsk s, IPA [s]
- t, IPA [t̪]
- ty, IPA [c], "tj"
- kort u, IPA [u]
- lang ú, IPA [uː]
- kort ü, IPA [y]
- lang ű, IPA [yː], (som i tysk "grün" grøn)
- v, IPA [v]
- (w), IPA [v]
- (x), IPA [ks]
- (y), IPA [i]
- z, stemt s, IPA [z]
- zs, stemt sj, IPA [ʒ], (som i fransk "journal")
Konsonant + y markerer palatalisert konsonant, slik vi finn i trøndersk og nordnorsk. Ny, IPA [ɲ], og ty, IPA [c], er dei palataliserte variantane av n- ja t og dei blir uttalt som i trøndersk hainnhoinn og itj. Den stemte varianten av tj er, noko uventa gy, IPA [ɟ], (som i trøndersk laidda. Tidlegare vart ly, IPA [ʎ], uttalt som palatalisert l, men i moderne ungarsk blir han uttalt som j, IPA [j].
I ungarsk kan alle vokalane vere korte eller lange. Dei korte vokalane er umarkerte, dei lange blir markert med ein akutt aksent. Kort [ɛ] blir skrive e, og lang [eː] blir skrive é. Dei fremre runda vokalane ü og ö (IPA [y] og [ø] blir skrive med diaresis (trema), dei lange variantane blir skrive med dobbel akutt aksent (ű, IPA [yː] og ő, IPA [øː]). Korte og lange vokalar har omtrent same kvalitet, bortsett frå for e, IPA [ɛ], og a, IPA [ɒ], der dei lange variantane é, IPA [eː], og á, IPA [aː], er meir lukka (høgare) enn dei korte.
[endre] Grammatikk
[endre] Fonologi
Hovudtrykket er alltid på første stavinga. I samansetjingar fell bitrykket på den første stavinga i dei ikkje-initiale stammane.
[endre] Morfologi
Ungarsk er eit agglutinerande språk. Substantiva har ikkje grammatisk genus.
[endre] Substantivmorfologi
I ungarsk har det utvikla seg ganske mange kasus, kor mange det er er litt avhengig av kva kriterium ein legg til grunn. Grammatiske kasus er ...
Lokalkasus er ... . Lokalkasusa dannar eit 3 x 3 -system, jf. tabellen, som viser lokalkasusa for ház "hus".
inni | oppå | attmed | |
frå | házból (Elativ) |
házról (Delativ) |
háztól (Ablativ) |
i/på/ved | házban (Inessiv) |
házon (Superessiv) |
háznál (Adessiv) |
til | házba (Illativ) |
házra (Sublativ) |
házhoz (Allativ) |
Til skilnad frå nesten alle andre uralske språk har ungarsk eit system med bestemt artikkel, eller determinativ. Ubestemt determinativ, egy, blir brukt berre i eintal, egy tyder også (talet) "ein", ubestemt fleirtal blir markert med fråver av determinativ, som i norsk. Bestemt determinativ er a eller az, opprinneleg eit pronomen "den". Forma a blir brukt foran konsonant, az elles. Grammatikaliseringa av bestemtheit har ungarsk sannsynlegvis lånt frå indoeuropeiske språk.
[endre] Verbmorfologi
I ungarsk blir verb konjungert på to måtar, med eller utan bestemt objekt. Ungarsk har med andre ord objektkonjugasjon. Den bestemte konjugasjonen blir brukt når verbet er transitivt, og når objektet i setninga blir oppfatta som bestemt. Viss objektet til det transitive verbet er ubestemt, eller viss setninga inneheld eit intransitivt verb, blir den ubestemte konjugasjonen brukt. Ungarsk er eit såkalla pro-drop-språk, dvs. dei bruker personlege proneomen berre når dei vil framheve subjektet.
Setningsdøme:
- „Eg ser bussen.“ = Látom a buszt. (med bestemt objekt, bestemt konjugasjon)
- „Eg ser deg.“ = Látlak (téged). (med ubestemt objekt, ubestemt konjugasjon)
- „Eg står og ventar.“ = Állok és várok. (utan objekt, ubestemt konjugasjon)
Paradigmedøme lát = „å sjå“:
- Bestemt konjugasjon: látom = „eg ser det“, látod = „du ser det“, látjuk = „vi ser det“
- Ubestemt konjugasjon: látok = „eg ser (noko)“, látsz = „du ser (noko)“, látunk = „vi ser (noko)“
kér (spørje etter, spørje om) | ||||||||||||
ubestemt | bestemt | |||||||||||
INDIKATIV | ||||||||||||
Presens | kérek | kérsz | kér | kérünk | kértek | kérnek | kérem | kéred | kéri | kérjük | kéritek | kérik |
Preteritum | kértem | kértél | kért | kértünk | kértetek | kértek | kértem | kérted | kérte | kértük | kértétek | kérték |
Futurum | kérni fogok |
kérni fogsz |
kérni fog |
kérni fogunk |
kérni fogtok |
kérni fognak |
kérni fogom |
kérni fogod |
kérni fogja |
kérni fogjuk |
kérni fogjátok |
kérni fogják |
KONDISJONALIS | ||||||||||||
Presens | kérnék | kérnél | kérne | kérnénk | kérnétek | kérnének | kérném | kérnéd | kérné | kérnénk | kérnétek | kérnék |
Preteritum | kértem volna |
kértél volna |
kért volna |
kértünk volna |
kértetek volna |
kértek volna |
kértem volna |
kérted volna |
kérte volna |
kértük volna |
kértétek volna |
kérték volna |
IMPERATIV / ADHORTATIV | ||||||||||||
Presens | kérjek | kérjél eller kérj |
kérjen | kérjünk | kérjetek | kérjenek | kérjem | kérjed eller kérd |
kérje | kérjük | kérjétek | kérjék |
lenni (å vere) | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
INDIKATIV | ||||||
Presens | vagyok | vagy | van | vagyunk | vagytok | vannak |
Preteritum | voltam | voltál | volt | voltunk | voltatok | voltak |
Futurum | leszek | leszel | lesz | leszünk | lesztek | lesznek |
KONDISJONALIS | ||||||
Presens | lennék eller volnék |
lennél eller volnál |
lenne eller volna |
lennénk eller volnánk |
lennétek eller volnátok |
lennének eller volnának |
Preteritum | lettem volna |
lettél volna |
lett volna |
lettünk volna |
lettetek volna |
lettek volna |
IMPERATIV / ADHORTATIV | ||||||
Presens | legyek | legyél eller légy |
legyen | legyünk | legyetek | legyenek |
[endre] Språkhistorie
[endre] Ytre språkhistorie
[endre] Indre språkhistorie
[endre] Ungarsk sidan landnåmet i Europa
[endre] Ungarsk språkslektskap
Forskingsmiljøet er stort sett samd om at ungarsk er eit ugrisk språk i den uralske språkfamilien.
[endre] Alternative teoriar
Alle har ikkje alltid vore like overtydd om at ungarsk er eit uralsk språk, ein konkurrerande teori har vore å sjå ungarsk som eit tyrkisk språk. Denne teorien har vorte inspirert av sams grammatiske trekk, som vokalharmoni og agglutinerande morfologi. På den andre sida er dette språkdrag som vi finn att i dei fleste uralske språk, og i mange andre språk i det nordlege Eurasia. På bakgrunn av dette har det vore gjort forsøk på å slå saman uralske og tyrkiske språk i ein uralsk-altaisk språkfamilie, ja med alle språk frå indoeuropeisk til eskimo-aleutisk (jf. nostratiske språk-hypotesa. Problemet med alle dei alternative teoriane har vore vanskane med å finne nok felles arveord til å rekonstruere eit felles urspråk for dei moglege alternative urspråka. Det er dermed rett og slett konsensus i fagmiljøa om å sjå ungarsk som eit uralsk språk.
Det som talar for at ungarsk skulle vere eit tyrkisk språk heller enn eit uralsk, er den store mengda tyrkiske ord i ungarsk. Etter den allment aksepterte teorien er dette lånord frå tyrkisk, som stammar frå dei hundreåra då det ungarske folket migrerte frå Sibir mot Europa, migrasjonsruta går gjennom det som den gong var tyrkiskspråkleg område. Heile dette forskingsprosjektet blir hemma av at nokre av dei tyrkiske stammane ungararane var i kontakt med seinare er døydd utt, eller vorte assimilert av ungararane. Det er likevel mogleg å identifisere ord som er av tyrkisk heller enn av uralsk opphav. Nokre av orda peiker mot tsjuvasjisk, for dei andre orda er det vanskeleg å skilje ulike tyrkiske kjeldespråk frå kvarandre, i og med at dei andre tyrkiske språka er så lik. Ord i ungarsk som peikar attende på tsjuvasjisk er m.a. karó ‘stav’, sár ‘søle’, sárga ‘gul’, sarló ‘sigd’, szél ‘vind’, dél ‘sør’.
Nokre av dei gamle tyrkiske (lån)orda er knytt til kvegdrift, som var nytt for ungararane, t.d bika ‘okse’, ökör ‘okse, stut’, borjú ‘kalv’, ünő ‘kvige’, tinó ‘ungstut’, kos ‘bukk’, kecske ‘geit’, eller geiteprodukt, t.d. sajt "ost", túró "kvarg", gyapjú "ull". Også namna på dei nye kulturplantane vart lånt frå tyrkisk, t.d. árpa "bygg", borsó "ert", kender "hamp", alma "eple", körte "pære", gyümölcs "frukt", szőlő "rips".
Den tyrkiske påverknaden var så sterk at til og med eit par ord på kroppsdelar vart lånt, t.d. kar "arm", térd "kne", boka "ankel", gyomor "mage", köldök "navle", szakáll "skjegg", også csipa ‘augepuss’. Vanlegvis blir ikkje slikt ordforråd lånt, så dette tyder på sterk påverknad.
Ungarsk sin status som uralsk språk kjem fram i det sentrale ordforrådet, t.d. (ordpara er ungarsk - finsk). él – elä(ä) "leve", kéz – käsi : käte- "hand", ki – ken "kven", kő – kivi "stein", lesz – lie(nee) "bli til noko", máj – maksa "lever", megy – men(nä) "dra", méz – mesi : mete- "honning", mi – me "vi", négy – neljä "fire", név – nimi "namn", nyel – niel(lä) "svelgje", szem – silmä "auge", szív - sydän "hjarte", ti – te "de", új – uusi "ny", vágy – vaatia "krevje", vaj – voi "smør", vas – vaski, vér – veri "blod", vés – veitsi "kniv", világ "verd" – valkea "kvit". Slektskapet kjem også fram i ord som er ulike i finsk og ungarsk, men der ulikskskapen er ei følgje av regelmessige lydendringar, t.d.: agy – aivo "hjerne", ágy – vuode "seng", éj – yö "natt", én – minä "eg", ének – ääni "lyd", év "år" – ikä "alder", had "hær" – kunta "lag, kommune", hal - kala "fisk", három – kolme "3", haszon "nytte" – kasvaa "vekse", hat – kuusi "3", juh – uuhi, kettő – kaksi "2", napa – anoppi "svigermor", ó "gammal" – aamu "morgon", ő – hän "han/ho", öl – syli "fang", öt – viisi "5", öv – vyö "belte", ősz – syksy "haust", (kasusendinga) -val – väki "gruppe", ?(ta)valy "i fjor" – vuosi "år", velő – ydin "kjerne".
[endre] Forskingshistorikk
Slektskapet mellom ungarsk, finsk og samisk vart slått fast relativt tidleg.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Ethnologue-rapport for ungarsk
- Hungarian 101 Learn Hungarian online
- Artikkel som forklarar likskapen mellom ungarsk og finsk (engelsk)
[endre] Kjelder
Ugriske språk |
khantisk | mansisk | ungarsk |