Kartesisk produkt
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
I matematikk er det kartesiske produktet av to mengder A og B, mengda av alle par av element, (a,b), der a ∈ A og b ∈ B. Denne mengda vert skrive A × B, og med matematisk notasjon skriv ein
Ein kan òg definere det kartesiske produktet for fleire enn to mengder. Viss A1, …, An er mengder, så er det karteiske produktet samansett av alle n-tupler, det vil seie alle moglege kombinasjonar (a1,…,an), der kvar ai ∈ Ai. Dette vert skrive
- .
Viss alle Ai’ane er den same mengda A, kan ein òg skrive An for det kartesiske produktet A1×...×An.
Omgrepet «kartesisk» kjem frå «Cartesius», den latiniske forma av namnet til den franske matematikaren og filosofen René Descartes (1596-1650).