Khabarovsk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Khabarovsk (russisk Хабаровск) er ein by i Russland i det russiske fjerne austen, og hovudstad i Khabarovsk kraj. Khabarovsk har 580 400 innbyggjarar (2004) og ligg i innlandet ved elva Amur, 30 kilometer frå grensa til folkerepublikken Kina. Byen vart grunnlagd i 1858 som fortet Khabarovka, fekk bystatus i 1880 og endra navn til Khabarovsk i 1893. Byen har navn etter oppdagaren Jerofej Khabarov som var den første russaren som nådde elva Amur i 1650.
Byen ligg ved den Den transsibirske jernbanen og har internasjonal flyplass og elvehavn. Etter den andre verdskrigen vart det heldt rettssaker mot japanske krigsforbrytarar her.
![]() |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |