Den transsibirske jarnvegen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den transsibiriske jarnvegen er ein jarnveg som vart offisielt opna den 1. januar 1905. Den siste delen nordom Kina vart trass i dette fyrst ferdig i 1916. Jarnvegen går tvers over Russland frå Moskva i vest gjennom Sibir til Vladivostok i aust. Turen mellom Moskva og Vladivostok tek kring 9 dagar. På russisk språk er namnet på jarnvegen Транссибирская магистраль, Транссиб, eller Transsibirskaya magistral', Transsib.
Moskva, Nizjnij Novgorod, Kirov, Jekaterinburg, Omsk, Tomsk, Khabarovsk og Vladivostok ligg langs Den transsibiriske jarnvegen.
[endre] Biletgalleri
Bashkirisk sporskiftemann, kring 1910 Foto: S.M. Prokudin-Gorski |
Lokomotiv mellom Perm og Jekaterinburg, kring 1910 Foto: S.M. Prokudin-Gorski |
Metallbru i Sibir, kring 1910 Foto: S.M. Prokudin-Gorski |
|
Simskaia Stasjon ved Samara, kring 1910 Foto: Sergei Mikhailovitsj Prokudin-Gorski |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |