Klarinett
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Klarinett er eit musikkinstrument i treblåsarfamilien. Namnet kjem av italiensk clarino som tydar trompet, og suffikset -et som tydar liten, fordi dei første klarinettane hadde ein lyd som likna trompeten. Klarinettar kjem i mange variantar, men når ein seier klarinett meiner ein vanlegvis sopranklarinett.
Klarinettar vert laga av spesielle treslag eller, om det gjeld billige modellar, komposittmaterial og plastikk. Lyden vert generert av ei flis (rørblad) som vibrerer når ein bles. Klarinetten har eit stort omfang, nesten fire oktavar. Dynamisk kan ein klarinett spele svakare enn dei fleste andre instrument.
Ein person som speler klarinett vert kalla klarinettist. Nokre døme på kjende klarinettistar er Benny Goodman, Artie Shaw, Paul Meyer, Michael Collins og Hans Christian Bræin.