Koreansk språk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Koreansk (한국어, 조선어 Hangugeo, Chosŏnŏ) |
||
Klassifisering: | Uklassifisert | |
Bruk | ||
Tala i: | Nord-Korea, Sør-Korea, nordaustre Kina, og minoritetar i Russland, USA, Canada, Brasil, Japan, Filippinane | |
Område: | ||
Koreansktalande i alt: | Førstespråk: 71 millioner Andrespråk: 76 millioner |
|
Rangering: | 13 (omtrent som vietnamesisk, Telugu, Marathi, Tamilsk) | |
Skriftsystem: | Hangul | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i: | Nord-Korea og Sør-Korea | |
Normert av: | National Institute of Korean Language (국립 국어원) | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1: | ko | |
ISO 639-2: | kor |
Koreansk er eit språk som blir snakka av vel 76 millionar menneske. Det er offisielt språk i Korea (Nord-Korea og Sør-Korea), men også minoritetar i Kina, Japan og USA snakkar språket - sjå koreanarar. Det finst dei som meiner at koreansk er i slekt med altaiske språk, men det har ikkje vore mogleg å prove det. Koreansk blir dermed rekana for å vere eit isolat.
Innhaldsliste |
[endre] Grammatikk
[endre] Fonologi
[endre] Morfologi
[endre] Syntaks
Koreansk er eit SOV-språk.
[endre] Skriftsystem
Sjå også: Hangul
Koreansk vart opprinneleg skrive med kinesiske teikn, kalt for hanja. I 1443 vart det laga eit eige alfabet for koreansk, hangul. Hangul vart innført av kong Saycong, tradisjonen seier at det var kongen sjølv som hadde laga alfabetet.
Ved translittering av koreansk blir fleire ulike system brukt. I Nord-Korea brukar dei offisielt McCune-Reischauersystemet. I 2000 gjekk Sør-Korea over til offisiell bruk av ei revidert romanisering.
[endre] Språkpolitikk
Det dominerande temaet i koreansk språkpolitikk har vore bruk av hangul kontra hanja. Fram til slutten av andre verdskrigen var Korea under sterk kulturell eller politisk dominans frå Kina eller Japan, og hanja dominerte, berre ca. 5 % av koreansk litteratur vart skrive med hangul.
[endre] Språkpolitikk i Sør-Korea
I Sør-Korea vedtok dei å slutte å bruke hanja i 1948, men dei godtok bruken av dei i ein overgangsperiode. Denne overgangsperioden drog ut, sjølv i dag er hanja til ein viss grad i bruk. Hangul dominerer, men i visse aviser (Chosun Ilbo, Hanguk Ilbo, Tong-a Ilbo) praktiserer dei ei blanda form, slik at (ein viss del av) etymologisk kinesiske ord blir skrive med hanja, mens koreanske ord blir skrive med hangul.
[endre] Språkpolitikk i Nord-Korea
Etter delinga av landet gjorde Nord-Korea Pyongyang-dialekten til standardspråk. Dei sette i stand alfabetiseringskampanjar basert på hangul, og i løpet av treårsperioden fram til 1948 var analfabetismen bortimot utrydda. I 1949 vart bruken av hanja forbode, og hangul-ortografien gjennomgjekk mindre endringar (m.a. i reglar for særskriving av samansetjingar), samanlikna med norma i sør. I 1964 sette Kim Il-sung i gang ei puristisk kampanje for å skape koreanske ord i staden for lånord, denne kampanja hadde også parallellar i sør.
[endre] Kjelder
- Wikipedia på bokmål
- Gábor Osváth: Language Policy, Language Planning in Korea
Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over språkspirer. |