Kristeleg Folkeparti
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kristeleg Folkeparti | |
Partileiar: | Dagfinn Høybråten |
Oppretta: | 1933 |
Ideologi: | Kristendemokratisk |
Farge: | Gul |
Hovudkontor: | Øvre Slottsgate 18-20 Postboks 478 Sentrum 0105 Oslo |
Epost: | krf@krf.no |
Nettstad: | http://www.krf.no/ |
Ordførarar: | 29 |
Kommunestyrerepresentantar: | 808 |
Fylkestingsrepresentantar: | 57 |
Stortingsrepresentantar: | 22 |
Medlemstal: | ? |
Ungdomsorganisasjon: | Kristeleg Folkepartis Ungdom |
Partiavis: | Folkets Framtid |
Internasjonal tilknyting: | ? |
Europeisk tilknyting: | ? |
Les òg: | Norsk politikk Norske parti Norske røystingar |
Kristeleg Folkeparti (KrF) er eit norsk politisk parti skipa i 1933.
Partiet har frå valet i 2001 til oktober 2005 vore i regjeringsposisjon saman med partia Høgre og Venstre. Kjell Magne Bondevik si andre regjering vart utnemnd den 19. oktober 2001. Den noverande partileiaren er Dagfinn Høybråten som tok over etter at Valgerd Svarstad Haugland trakk seg.
Statsminister Kjell Magne Bondevik tilhøyrer KrF.
Partiet har ein eigen ungdomsorganisasjon som heiter Kristeleg Folkepartis Ungdom (KrFU).
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Kristeleg Folkeparti vart fyrst skipa i Hordaland fylke. Mange særleg i partiet Venstre såg med uro på at det vart lagt mindre og mindre vekt på kristendom og kristne verdiar. Den 4. september 1933 vart avgjerda teken om å skipa eit nytt parti. Det nye partiet fekk gjennomslag allereie ved valet til Stortinget i 1933. Bibelskulestyrar Nils Lavik vart fyrste stortingsrepresentanten til Kristeleg Folkeparti. Ved valet i 1945 kom det store gjennombrotet til Kristeleg Folkeparti. Partiet stod utan eige organisasjonsapparat sentralt og lokalt, utan partiavis og med berre nokre få røynde politikarar. Kristeleg Folkeparti fekk likevel 117 000 røyster eller knappe 8 % av røystene. Det gav partiet åtte stortingsrepresentantar. Resultatet var ei stor overrasking. Partiet steig fram som eit verkeleg landsdekkjande parti.
[endre] Stortingsval 1933-2005
Årstal | Prosent av røystene | Stortingsrepresentantar |
---|---|---|
1933 | 0,8% | 1 |
1936 | 1,3% | 2 |
1945 | 7,9% | 8 |
1949 | 8,5%¹ | 9 |
1953 | 10,5% | 14 |
1957 | 10,2% | 12 |
1961 | 9,6%¹ | 15 |
1965 | 8,1%¹ | 13 |
1969 | 9,4%¹ | 14 |
1973 | 12,2%¹ | 20 |
1977 | 12,4%¹ | 22 |
1981 | 9,4%¹ | 15 |
1985 | 8,3% | 16 |
1989 | 8,5% | 14 |
1993 | 7,9% | 13 |
1997 | 13,7% | 25 |
2001 | 12,4% | 22 |
2005 | 6,8% | 11 |
¹ Ved desse vala stilte Kristeleg Folkeparti felleslister med eit eller fleire av partia Det Nye Folkepartiet/Det Liberale Folkepartiet, Høgre, Senterpartiet eller Venstre, dette talet er eit overslag med røystene til felleslistene fordelt på dei einskilde partia.
[endre] På verdsveven
[endre] Litteratur
- Garvik, Olav (red): Kristelig folkeparti; mellom tro og makt, Oslo 1983. ISBN 82-02-09071-7
- Odd Jostein Sæter (red.): Kristelig folkepartis historie 1933-1983; samling om verdier, Oslo 1985. ISBN 82-991256-1-8
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |
Ynskjer du å bidra til Wikipedia på nynorsk ved å utvide denne artikkelen kan du besøkje Wikiprosjektet Norske politiske parti, eit prosjekt som tek sikte på å dokumentere dei norske politiske partia.