Naturlovpartiet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Naturlovpartiet er eit norsk politisk parti som programfestar at det norske samfunnet ikkje fungerar i pakt med naturen og difor må endrast. Mellom anna har partiet gått ut mot bruk av kjemisk framstilt medisin i staden for naturmedisin, og teke til tale for at ein skal nytte trancendental meditasjon aktivt i samfunnsarbeid for å høgne det kollektive samvitet. På den måten skal ein m.a. senke stressnivået og bruken av sjukeheims- og sjukehusplassar i samfunnet generelt.
Grunna alt for låg oppsluttnad og "mangel på renhet i landets bevisthet" har partiet vedteke å ikkje drive valkamp, men skal likevel stille lister til lokalval i nokre områder og til stortingsval i nokre fylker.
Naturlovpartiet vart tufta i 1992 og registrert som politisk parti den 25. mai 1993, og i følgje utsegner frå Naturlovrørsla har det norske Naturlovpartiet systerparti i over 80 land.
[endre] Internasjonalt
Partiet vart oppretta som den norske armen av det transnasjonale Naturlovpartiet som vart tufta av Beatles-medlem George Harrison. Partiet vert rekna som den politiske armen av Maharishi Mahesh Yogi si rørsle for Transcendental Meditasjon. Det britiske Naturlovpartiet vart offisielt oppløyst i april, 2004.
Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over samfunnsspirer. |