Kushan
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kushan eller Kushana (貴霜, Ku-Shan) var eit dynasti som stamma frå Yuei-Chi i dagens Xinjiang og som invaderte India og skapte eit rike i det siste hundreåret f.Kr..
Riket ekspanderte frå dagens Samarkand i Sentral-Asia til Gandhararegionen i Nord-India. Hovudstaden var stundom Mathura saman med novarande Rawalpindi, stundom Sialkot.
Namn funne på innskrifter og mynter nemner mellom anna dei viktige kushanherskarane Kanishka (Kaneshki), Vasishka, Huvishka og Vasudeva, som fyller ut kongelista i 95 år. Av desse er Kanishka særskild kjend for å ha vore ein mektig herskar som støtta buddhismen.
![]() |
Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over historiespirer. |