Kvensk språk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kvensk er eit finsk-ugrisk språk som òg kan klassifiserast som ein dialekt av finsk. Kvensk er språket til kvenene — ei folkegruppe som er etterkommarar av finnar som innvandra til Troms og Finnmark frå 1600-talet av. Mange av innvandrarane kom frå Tornedalen, slik at kvensk òg kan oppfattast som ein variant av meänkieli (tornedalsfinsk)
På 1800-talet vart kvenene av norske myndigheiter sett på som viktige i arbeidet med å dyrke opp Finnmark. Frå og med starten av 1900-talet slo Noreg over til ein politikk som gjekk ut på å hindre bruken av kvensk og samisk. Jordsalsloven, Lov av 22. mai 1902 om avhendelse av og bortforpaktning av Statens jord i Finnmark, § 1c sa at «Avhendelse må kun skje til norske statsborgere – som kan tale, læse og skrive det norske sprog og benytte dette til daglig bruk». NRK vart oppretta i 1933. Allereie året etter vart den første NRK-bygde radiosendaren utanfor Oslo opna — og det i Vadsø. Etter oppfordring frå Forsvaret delte NRK ut 50 radioapparat gratis til samar og kvenar i grensestroka mot Finland, så det er ikkje tvil om kva motiva bak denne radiosatsinga var.
I starten av 1990-åra vart det mogleg å ha finsk/kvensk som andrespråk i skolen i dei tre nordlegaste fylka. Den norske regjeringa erklærte 26. april 2005 at dei såg på kvensk som eit eige språk. I kvenske/finskætta miljø er det mykje diskusjon om ein ynskjer eit eige kvensk skriftspråk eller å halde på det riksfinske som blir lært i skulane i dag.
I januar 2006 vart det starta eit studium i kvensk ved universitetet i Tromsø. Studiet går over tre semester, og ein kan studere enkeltemner som kvensk språk og kvensk kultur og litteratur.
[endre] Eksterne lenkjer
Austersjøfinske språk |
estisk | finsk | ingrisk | karelsk | kvensk | livisk | livvisk | meänkieli | vepsisk | votisk | sørestisk |
Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over språkspirer. |