Meänkieli
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Meänkieli, eller tornedalsfinsk, er det språket som utvikla seg i den delen av finskspråkleg Nordkalotten som vart att i Sverige etter at Finland vart ein del av Russland i 1809. Sjølve ordet meänkieli tyder "vårt språk" (ordet for "vårt" ville på finsk ha vore meidän), og det vart frå gammalt av brukt for å markere skilnaden mellom eige språk og språket i Finland. Frå og med slutten av 1980-talet vart denne nemninga også brukt i meir offisielle samanhengar. Det er vanskeleg å seie kor mange det er som snakkar meänkieli, overslaga varierer frå 25 000 til 70 000 personar.
I utgangspunktet skilde ikkje dialektane på kvar side av Torne älv seg frå kvarandre, men etter 1809 har dei utvikla seg kvar sin veg. På finsk side har dialektane vorte påverka av standardfinsk både grammatisk og leksikalsk, store delar av kulturordforrådet som har komme til dei 200 siste åra er resultat av målmedvite språkplanlegging, på svensk side av Tornedalen har dei ikkje hatt del i denne utviklinga. På den andre side har meänkiele vorte påverka til ein viss grad av samisk, men særleg av svensk, gjennom ein målmedviten forsvenskingspolitikk dei siste hundre åra.
Innhaldsliste |
[endre] Utbreiing
Meänkieli blir snakka i Pajala, Haparanda, Övertorneå, og til ein viss grad i Kiruna og Gällivare, og av utflytta tornedalingar i andre delar av Sverige.
[endre] Status
I dag er meänkieli eit av Sveriges offisielle minoritetsspråk, ein status det fekk av Sveriges riksdag den 2. desember 1999. Foreininga Svenska tornedalingars riksförbund-Tornionlaaksolaiset, STR-T.[1] arbeider for å fremje meänkieli. Det finst daglege radiosendingar på meänkieli.
[endre] Meänkieli i skjønnlitteraturen
Den språklege og kulturelle utviklinga på svensk side av Tornedalen dei siste tiåra har vorte skildra av Mikael Niemi i romanen Populärmusik från Vittula (boka vart skrive på svensk, men er no omsett til meänkieli). Også andre forfattarar og songarar har skildra Tornedalen.
[endre] Eksterne lenkjer
- Svenska tornedalingars riksförbund-Tornionlaaksolaiset, STR-T
- Meänkieli förr och nu
- Kurs i meänkieli
- Minoritetsspråk i Norden
[endre] Kjelder
Austersjøfinske språk |
estisk | finsk | ingrisk | karelsk | kvensk | livisk | livvisk | meänkieli | vepsisk | votisk | sørestisk |
![]() |
Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over språkspirer. |