Sørestisk språk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sørestisk (og ofte kalla Võro-språk, etter ein by i Sør-Estland) er eit austersjøfinsk språk som blir brukt i dei søraustlege delane av Estland. Sørestisk blir snakka av omtrent 70000 menneske. Tradisjonelt er sørestisk sett som ein dialekt av estisk, men grammatikken skil seg på fleire område mykje frå standard-estisk; mellom anna har sørestisk, i likskap med finsk, vokalharmoni — noko det nordestiske standardspråket ikkje har. Andre grammatiske trekk minner meir om livisk. Brukarar av språket var lenge utsette for eit stort normeringspress. Ei sørestisk folkerørsle arbeider difor for at språket skal få status som minoritetsspråk.
Innhaldsliste |
[endre] Skriftspråk
Etter ein lang periode utan standardisert skriftspråk vart det i 1990 laga eit eige skriftspråk for sørestisk, det blir undervist i dette skriftspråket i 26 skolar i søraust-Estland, og på universitetet i Tartu. Avisa Uma Leht "(Vårt) eige blad" kjem ut ein gong annakvar veke.
Sørestisk har dei same bokstavane som i nordestisk (det vanlege latinske alfabetet pluss bokstavane ä, ö, ü. õ), med desse tillegga: q står for ein glottal stop [ʔ], y står for ein bakre urunda vokal (mykje lik russisk ы. Aksentmerket ´ markerer palatalisering av konsonanten som teiknet knyttar seg til, ś, ń, l´, t´, k´, h´ etc. Alle andre konsonantar enn q og j kan palataliserast.
[endre] Historie
Skilnaden mellom sør- og nordestisk går attende til tida då det gjekk ei riksgrense gjennom Estland. Sørestisk stod sterkt som skriftspråk i denne perioden, Det nye testamentet vart omsett til sørestisk i 1686, Wastne Testament. Med nasjonalismen og revitaliseringa av det nordestiske skriftspråkat fram mot slutten av 1800-talet, gjek sørestisk meir og meir ut av bruk som skriftspråk, og det vart ikkje gjort forsøk på å ta det opp att før på slutten av 1980-talet.
[endre] Eksterne lenkjer
- Võro-språkområdet - Kart over Võromaa, med grenser mot Tartu, Setumaa, Russland og Latvia
- Võro-estisk ordbok (Võro-instituttet)
- Võro-instituttet
- Den võrospråklege avisa "Uma Leht"
- Teksten på Estlands Melodi Grand Prix-bidrag 2004 (på sørestisk)
- Språkprøver
- Heimeside for dataprogram på sørestisk
- Engelsk-võro dataterminologi
- Uralic languages (Salminen 2003)
[endre] Litteratur
- Hella Keem (1997): Võru keel. Eesti teaduste akadeemia Emakeele selts. Tallinn.
Austersjøfinske språk |
estisk | finsk | ingrisk | karelsk | kvensk | livisk | livvisk | meänkieli | vepsisk | votisk | sørestisk |
Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over språkspirer. |