Målform
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Norsk språk har to offisielle målformer: bokmål og nynorsk. Desse to målformene er jamstilte i all offentleg kommunikasjon, men bokmål er desidert mest brukt. Bokmål og nynorsk er definerte av to sett med retningslinjer som styresmaktene i Noreg har vedteke for korleis ein bør skriva norsk. Målformene kjem i første rekkje til syne i skriftspråket.
Høgnorsk og riksmål er to andre, uoffisielle målformer.
Sidan Ivar Aasen og Knud Knudsen si tid har det pågått ein språkstrid mellom brukarar av norsk om kva for målformer norsk skal ha og korleis dei bør sjå ut.
Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over språkspirer. |