Manama
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lokalisering | |
---|---|
Styresmakter | |
Land Governorate |
Bahrain Capital Governorate |
Først nemnd i | 1345 |
Geografi | |
Flatevidd - By |
km² |
Innbyggjarar - By (2001) - folketettleik - Storbyområde |
162 000 5 304/km² 345 000 |
Koordinatar | 26°13′″N, 50°35′″E |
Diverse annan informasjon | |
Heimeside: www.capital.gov.bh |
Manama (arab. المنامة, Al-Manāmah) er hovudstaden i den arabiske øystaten Bahrain. Byen ligg nordaust på øya Bahrain, og er den største byen i landet med eit innbyggjartal på om lag 150 000, noko som utgjer om lag ein tredjedel av innbyggjarane i landet.
Dei eldste historiske nedteikningane om byen går tilbake til 1345. Byen vart teken av portugisarar i 1521 og av persarar i 1602. Etter dette har byen vore under kontrol av Al-Khalifa-dynastiet sidan 1783. I 1971 vart byen hovudstad i det no sjølvstendige landet Bahrain.
Økonomien i Manama er, som i resten av landet, basert på petroleum, oljeraffineri, skipsbygging, fiske og perledykking. På øya Al Muarraq nær Manama ligg Bahrain sin internasjonale flyplass. I Manama ligg òg Bahrain universitet som vart grunnlagd i 1986.