Maskinpistol
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein maskinpistol er eit handhalde automatvåpen, som kombinerer den automatiske avfyringa frå eit maskingevær med ammunisjonen frå ein pistol og er typisk mellom desse to i vekt og størrelse. Dei første eksperimenta med denne type våpen gjekk føre seg i starten av 1900-talet, men det var først sist i første verdskrigen at dei første rettelege maskinpistolane dukka opp.
Somme maskinpistolar kan skyte både enkeltskot og skotseriar, såleis mellom andre den moderne MP5. Andre er uråd å skyte enkeltskot med, dei kan berre brukast heilautomatisk. Når ein skyt heilautomatisk, er det best å skyte korte byer på 3-4 skot om gongen, da rekylen gjer at siktepunktet vil bli endra for kvart skot, slik at det berre er dei første par-tre skota som treffer målet uansett.
Blant dei mest kjende typane av maskinpistolar kan frå før andre verdskrigen nemnast den amerikanske Thompson maskinpistol, som er velkjend frå gangsterfilmar under kjelenamnet Tommy-gun. han vart òg bruka under og etter verdskrigen. Under andre verdskrigen kom den tyske Schmeisser maskinpistol, den sovjetiske Sjpagina maskinpistol og den britiske Stengun, som blant anna vart kasta ned frå lufta til norsk og dansk motstandsrørsle.
I nyare tid er det særleg den israelske Uzi og den tyske MP5 der har vekt oppsikt, og sistnemnde er blant anna bruka av norsk politi og forsvar.
Kjelde: I hovudsak dansk wikipedia, art. med same namnet.