Moskvas og heile Russlands patriarkat
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kristendommen |
Retningar |
Anglikansk | ortodoks | katolsk | luthersk | presbyteriansk | |
Moskvas og heile Russlands patriarkat (Moskvapatriarkatet), på norsk vanlegvis kalla Den russisk-ortodokse kyrkja, er i dag den største av dei ortodokse kyrkjene. Ho har meir enn 80 millionar medlemmer, utan at det er råd å oppgje noko eksakt medlemstal. Fram til 1917 var den ortodokse kyrkja statskyrkje, og ho har på ein heilt spesiell måte vore identifisert med russisk kultur og historie.
Kristendommen kom til Russland frå Bysants tidleg i mellomalderen. Kyrkja reknar si soge frå år 988, då fyrst Vladimir vart kristna. Ho hadde senteret sitt i Kiev fram til mongolarinvasjonen i 1240. Kyrkja fikk sidan ei ny blømetid med senter i området rundt Moskva.
Kyrkja vart i praksis sjølvstendig frå Det økumeniske patriarkatet i 1448. Ho vart godkjend som eit eige patriarkat i 1589. Kyrkja vart etterkvart nært knytt til tsarveldet. Etter revolusjonen vart stat og kyrkje åtskilt. Frå 1922–23 starta sovjetstaten ein omfattande forfølging av kristne, og tusenar av prestar, munkar og nonner vart avretta eller omkom i arbeidsleirar. Kyrkja vart fråteken all eigedom. Under den andre verdskrigen fekk kyrkja igjen ein viss fridom, men på 1950-talet vart kyrkja pålagt nye restriksjonar.
Frå og med i 1980-åra har kyrkja igjen fått omfattande innverknad i det russiske samfunnet.
Patriarken har tittelen Patriark av Moskva og heile Russland. No er Aleksej II (Aleksej Mikhajlovitsj Ridiger) patriark i den russisk-ortodokse kyrkja..
[endre] Den russiske ortodokse kyrkja i Noreg
I Noreg er det tre kyrkjelydar underlagt Moskvapatriarkatet:
- Heilage Olga kykjelyd i Oslo
- Heilage Irina kyrkjelyd i Stavanger
- Heilage Trifon kyrkjelyd i Kirkenes
[endre] Sjå òg
Autokefaliske og autonome ortodokse kyrkjer |
Autokefaliske kyrkjer |
Dei fire gamle patriarkata: Konstantinopel | Aleksandria | Antiokia | Jerusalem Dei fem nye patriarkata: Russland | Serbia | Romania | Bulgaria | Georgia Autokefaliske erkebispedømme: Kypros | Hellas | Polen | Albania | Tsjekkia og Slovakia | Amerika* |
Autonome kyrkjer |
Sinai | Finland | Estland* | Japan* | Kina* | Ukraina* |
Merket * tyder at autokefaliet eller autonomiet ikkje er akseptert i heile den ortodokse verda. |