Munnharpe
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Munnharpe er eit av verdas eldste musikkinstrument, og er utbreidd i store delar av verda.
Munnharpa er ein idiofon som er sett saman av ei fleksibel tunge av metall eller bambus som er festa til ei ramme. Musikaren held instrumentet slik at den fleksible tunga er i munnopninga, ramma vert ofte støtta mot tennene. Slik kan ein bruke munnhóla som resonansrom. Metall(bambus-)tunga vert knept med ein finger for å få fram tonen. Denne kan ikkje varierast, men ved å forme munnen på ulike måtar kan musikaren derimot framheve bestemte overtonar og dermed spele melodiar. Instrumentet har vore brukt både til danseslåttar og visetonar.
Noreg har tradisjonar for spel på munnharpe som strekk seg langt attende i tid. Tradisjonen har halde seg lengst i Setesdal men i Hallingdal og Valdres har óg instrumentet vore mykje i bruk. Kjende utøvarar på munnharpe i Noreg er Ånon Egeland, Svein Westad og Anders Røine. Verdas største munnharpe er tusenårsmonumentet i Valle kommune.
Denne folkemusikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over folkemusikkspirer. |