Norges musikkhøgskole
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Norges musikkhøgskole i Oslo er den høgaste utdanningsinstitusjonen for musikk i Noreg. Institusjonen vart grunnlagd i 1973, men har røter attende til Organistskolen i Kristiania, som vart danna i 1883 av Ludvig Mathias Lindeman og Peter Lindeman.
Norges musikkhøgskole (NMH) har 475 studieplassar, og tilbyr utdanning på bachelor-, master- og PhD-nivå innan utøvande musikk, komposisjon, musikkpedagogikk og musikkterapi. Det er mogleg å studere klassisk musikk, improvisert musikk/jazz og norsk folkemusikk.
I tillegg til musikkutdanning driv NMH med konsertverksemd og forsking. Dei tilbyr óg etterutdanning i mellom Administrasjon og ledelse og Minoritetskulturar i musikkundervisning.
I 2007 skal NMH innvie eit nytt undervisningsbygg i tilknyting til det eksisterande bygget ved Chateau Neuf på Majorstua.