Norsk Rikskringkasting
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Norsk Rikskringkasting (til vanleg forkorta til NRK) er ein offentleg eigd kringkastingsorganisasjon som er finansiert over statsbudsjettet, samt av lisens frå TV-sjåarane. Kringkastingssjefen vert tilsett av styret for NRK for eit tidsrom av seks år med høve til forlenging seks år til. Nett no er det John Gordon Bernander som er kringastingssjef.
Kringkasting er ei norsk oversetting av det engelske ordet «broadcasting». Ordet «rikskringkasting» er òg inspirert av den tyske nemninga «Reichsrundfunk». Opprettinga og organiseringa av NRK er mykje inspirert av det britiske British Broadcasting Company, BBC.
Oversettinga vart brukt første gongen i 1924 og vart offisiell nemning frå 1925. Kringkasting innebar opphavleg trådlaus utsending av lyd (tale/musikk), og etterkvart òg levende bilete.


Innhaldsliste |
[endre] Historikk
Kringkasting i Noreg vart starta i 1924 av det private selskapet Kringkastningselskapet A/S. Dette var forgjengaren for Norsk Rikskringkasting som vart etablert i 1933. NRK var eigd og kontrollert av Staten. Selskapet hadde monopol på kringkasting frem til 1980-talet, då dei første lokalradioane fekk etablere seg. I TV-marknaden var dei einerådande frem til opninga av TV2 i 1992.
I dei første tretti åra var NRK sitt einaste produkt radio. I 1954 starta selskapet dei første prøvesendingane for fjernsyn og starta regulære TV-sendingar i 1960. Fargesendingar vart først prøvd i 1972 med regulære fargesendingar frå 1975.
NRK har hovudkontoret sitt på Marienlyst i Oslo. Distriktskontor vart for alvor etablert på 70- og 80-tallet, mellom anna Sámi Radio. Tekst-TV starta sendingar i 1983.
NRK vart statleg aksjeselskap i 1996. Internettsatsinga starta i 2000.
NRK Opplevelser vart opna i 2003. Dette besøkssenteret inneheld NRK si historie i lyd og bilete.
[endre] NRK sine stasjonar/kanalar
- Radio
- P1 (starta 1933)
- P2 (starta 1983)
- P3 (starta 1993)
- Alltid Klassisk (starta 1995)
- Alltid Nyheter (starta 1997)
- Alltid Folkemusikk (starta 7. desember 2004)
- Alltid Jazz (starta 2000, lagt ned same år)
- Metro (starta 2000, lagt ned 2001)
- mPetre (starta 2000
- NRK Stortinget (starta 2000)
- NRK Sámi Rádio (dei første samiske radiosendingane starta i 1946)
- TV
[endre] Forkortinga
N.R.K. som forkorting slo gjennom i 1945. Endå seinare vart "NRK" vanleg.
Før 1945 var den meste brukte forkortinga NR (eller N.r. og N.R.). Raudekrossen (Norges Røde Kors) protesterte mot at NRK skulle tyda "Norsk rikskringkasting".